Innsyn i post og politiske saker

På nettsida til kommunen får publikum innsyn i politiske saker og post til og frå Øystre Slidre kommune, med mindre dei av omsyn til lov eller personvern blir haldne tilbake.

Dokument (illustrasjon)
dokument

I menyen til venstre klikkar du på Innsyn og postliste. Her får du tre val; postliste, politiske møte og søk etter sak.

Postlista viser post til og frå kommunen ein vald dag. (Personalsaker vil ikkje kome fram på lista). I kalenderen må du velje kva for dag du vil sjå postlista til (klikk på ein dato og postlista vert oppdatert). Du kan nytte pilene øvst på kalenderen for å navigere i månader. For å sikre at dokument som ikkje skal offentleggjerast ikkje blir lagt ut på postlista, har vi lagt inn ei forseinking på tre dagar.

Politiske møte syner ei oversikt over alle møte det er sendt innkalling til, ordna etter utval og vekenummer. Ved klikke på eit møte (raudt felt) finn du sakskart (innkalling) og møtebok (behandling og vedtak).

Søk etter sak er ei teneste for deg som ynskjer å søkje etter saker i kommunen. Du kan søkje på ord i tittelen på saka, på saksnummer med meir. Då vil du få opp ei liste over sakene som passar med søkekriteriet. Når du har fått lista over saker, kan du også klikke på 'detaljer'-lenkja for å få meir informasjon om saka, samt ei liste over dokument som er knytt til saka.

Ved å klikke på lenkjene under, vil du finne alle dei tre vala; postliste, politiske møte og søk etter sak.

 

Offentlege dokument
Sist endra 07.02.2013
   

Skriftstorleik

a - a - a

Søk

Kontaktinformasjon

Øystre Slidre kommune Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
Telefon
: 61 35 25 00

Faks
: 61 35 25 01
Org.nr.
: 961382068
Opningstid
: 8-16 (8-15 sumartid)

Samarbeid

Øystre Slidre i media

Information

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon

Andre Valdreskommunar

Reise til/frå Øystre Slidre

Levert av ACOS AS