Ledige stillingar i Øystre Slidre kommune

Kommunevåpen Øystre Slidre
Kommunevåpen ØSK

Her ser du oversikt over ledige stillingar i Øystre Slidre kommune.

Kommunen har opna for å ta imot søknader på stilling via Internett. På denne måten vil søkjarar kunne sende søknad når det evt. måtte passe (døgnopen forvalting). Vi håper flest mogeleg nytter seg av denne tenesta. Du kan også sende søknader i vanlig post til Øystre Slidre kommune, 2940 Heggenes.

Nettløysinga er ei påloggingsteneste.


  • 80% fast stilling som vernepleiar
  • 23,5% fast helgestilling på natt som assistent / fagarbeidar
  • 42% sjukevikariat som assistent / fagarbeidar ledig inntil vidare

Stillingane er knytt til Miljøtenesta, med arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning. Dei faste stillingane er i turnus med kvar 3. helg. Vikariatet er i turnus med kvar 2. helg. Førarkort for klasse B er naudsynt, og det er krav om politiattest ved tilsetjing.

Til stillinga som vernepleiar, er det i utgangspunktet krav om fullført utdanning som vernepleiar, men også andre med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan bli vurdert. Stillinga inngår i turnus, del av stillinga vil vere fagadministrasjon.

Nærare opplysningar ved leiar Astrid Aavok, tlf 97 54 61 69.

Kommunen har gode pensjonsordningar gjennom KLP, kan tilby hjelp til å skaffe bustad, og kan gje flyttegodtgjersle. Søknad skal innehalde CV og merkast med ”arkivsaksnr. 14/1418”, og kan sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no, eller i post til Øystre Slidre kommune, 2940 Heggenes.

 

Søknadsfrist 27. november

Søk stilling

 

 

 

   

Skriftstorleik

a - a - a

Søk

Kontaktinformasjon

Øystre Slidre kommune Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
Telefon
: 61 35 25 00

Faks
: 61 35 25 01
Org.nr.
: 961382068
Opningstid
: 8-16 (8-15 sumartid)

Samarbeid

Øystre Slidre i media

Information

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon

Andre Valdreskommunar

Reise til/frå Øystre Slidre

Levert av ACOS AS