Øystre Slidre kommune har slik tilbakemelding på Helse sør-aust RHF sine spørsmål knytt til høyring av prosjektrapport og samfunnsanalyse:
1) Øystre Slidre kommune meiner at SI ikkje har tilstrekkeleg spisskompetanse samla på dei ulike akuttsjukehusa i dagen struktur. Det er ei utfordring at pasientar blir sendt rundt til ulike sjukehus for å få adekvat behandling. Dette gjeld spesielt på områda lungemedisin, onkologi, gynekologi, radiologi og psykiatri. Dei prehospitale tenestene er ikkje tilstrekkelege i Valdres, og det er behov for styrking av desse. For Valdres er lokalmedisinsk senter ein viktig del av det heilskaplege helsetilbodet, og det er behov for å utvikla innhaldet og tenestene i VLMSet.
2) Den primære strukturen meiner vi bør vera eit nytt storsjukehus med akuttfunksjon plassert ved Mjøsbrua, der Gjøvik og Lillehammer blir elektive sjukehus. Dette kombinert med ei styrking av dei prehospitale tenestene tilknytta storsjukehuset, og styrking av lokalmedisinske sentra. Dette vil gjera det lettare å rekruttera fagpersonell, og dessutan samla og utvikla spisskompetanse som vil komma pasientane til gode.
Vi vurderer vidareføring av dagens struktur som ei dårleg løysing.
3) Til pkt.1 i prosjektrapporten: Øystre Slidre kommune meiner storsjukehuset skal ligga ved Mjøsbrua. Til pkt. 9 i prosjektrapporten: Øystre Slidre kommune støtter utvida satsing på lokalmedisinske sentera, jamfør saksframlegget. Det lokalmedisinske senteret bør utviklast til ein arena for samhandling med kommunane i området.
Til pkt. 10 i prosjektrapporten: Øystre Slidre kommune støttar punktet om å vidareutvikla distriktspsykiatriske sentrum og barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar i Elverum, Gjøvik, Hadeland, Hamar, Lillehammer, Otta, Tynset og Valdres.
4) Øystre Slidre kommune ser det som vesentleg å sikra at storsjukehuset blir plassert ved Mjøsbrua, og dessutan styrka prehospitale tenester både med talet på einingar og kompetanse. For Valdres er det viktig med styrking av verksemd og funksjonar ved lokalmedisinske senter.
Morten Steinsrud la fram forslag om å stryke følgjande setning i 2 avsnitt punkt 2: Ei sekundær løysing inneber ei alternativ plassering av storsjukehuset.
Forslaget fekk 17 røyster og vart vedteke
Tilrådinga vart vedteke med 20 røyster.