Kommunestyret sender høyringssvar til mobilitetsstrategi for Innlandet i samsvar med det som står under:
Å sikra moglegheitene for god mobilitet i eit langstrakt fylke som Innlandet, er inga enkel oppgåve. Innlandet er med sine 52 000 km2 større enn Danmark (42 993 km2), og utfordringsbildet er mangfaldig – frå randsona rundt Oslo til mjøsbyane og fjellområda i nord. Det som verkar godt i eit tettbygd område, er ofte mindre formålstenleg i utkantstrøk.
Planen skisserer mål og visjonar som skal gjelda for heile fylket, og balanserer ambisjonar for miljø og klima set opp mot behovet for mobilitet og privatbilisme. Hovudfokuset i planen er retta inn mot bystrøk, gjennom mål om styrka kollektivtilbod:
"…reisetilbudet skal utvikles slik at egen eller privat bil ikke er nødvendig for å nå reisemålene."
Fram til det skjer eit større gjennombrot innan autonome køyretøy, gjennom t.d. maskinlæring og kunstig intelligens, verkar dette målet som urealistisk.
Eit godt kollektivtilbod er viktig i eit klimaperspektiv, men det er òg viktig for å sikra mobilitet for innbyggarar som ikkje har høve til å nytte privatbil. Kollektivtransporten har ei viktig rolle når det kjem til å sikre transportbehov for alle, men i meir folkerike område er høgare kollektivdel eit viktig tiltak å redusera klimagassutslepp. Det er formålstenleg å prioritere bussruter der klimaeffekten er størst og samfunnsøkonomien best, men det må òg sikrast eit adekvat tilbod for dei som bur landleg og ikkje har moglegheit til å nytte bil. Då handlar det om inkludering.
Når ein fyrst skal utvikla eit kollektivtilbod, er det bynære områder som nødvendigvis vil få dei fleste bussrutene. På den andre sida har vi ei tydeleg forventning om at tiltaka må treffa dei klassiske utfordringane i distrikta innan hyppigheit, regularitet, pris og korrespondanse mellom dei ulike transportleverandørane. Dette er kjente utfordringar som har vore til stades over lang tid, og som vi er ei tydeleg forventning om at blir prioritert.
For å få ned klimagassutslepp i distrikta, foreslår Øystre Slidre kommune difor ein kraftigare innsats for lokalt tilpassa tiltak som bestillartransport, drosjekapasitet og skyttelbussar mellom knutepunkt og turistdestinasjonar. Likeeins må tilrettelegging for elbil styrkast.
Øystre Slidre kommune støttar i all hovudsak temaval og tiltak i planen, men vil kommentera det einskilde tema:
"Fylkeskommunen skal ivareta rollen som samfunnsutvikler for å styrke samarbeidet mellom aktørene og utviklingen av mobilitetstilbudet i hele fylket."
Valdresregionen har ein stor del besøkande og «deltidsinnbyggarar». Desse nyttar i all hovudsak personbil. Av Valdres sine fritidsbebuarar er det berre ein svært liten del som har gangavstand til ekspressbussnettet eller det lokalet/regionale busstilbodet. Samtidig vert det no rapportert frå reiselivet at stadig fleire etterspør moglegheita for å reise kollektivt til og frå Valdres. Stadig fleire reiselivsbedrifter marknadsfører pakkar der det vert nytta kollektivtransport. Besøksnæringane og/eller destinasjonsselskapa bør difor involverast i samarbeidsnettverket.
"Videreutvikle en helhetlig og sømløs kollektivtransport."
Det er eit potensial for få ein større del pendlarreiser over på kollektivtilbod, mellom anna gjennom innfartsparkering og betre korrespondanse mot ekspressrutene. Dei kommersielle ekspressrutene til òg frå Valdres er svært viktig for oss. I Valdres er det formålstenleg å satse meir på fleksible og lokale løysingar, som bestillartransport og drosje. Vidare er det viktig å få til ei god knutepunktsutvikling. Ein plan for haldeplassutvikling også på fylkesvegane er viktig for å få til gode overgangar mellom dei ulike transportformene.
Øystre Slidre kommune meiner at ein plan for haldeplassar må vera ei prioritert oppgåve og viser i den samanheng til vårt innspel til handlingsplan for fylkesvegar 2022 – 25/27.
"Samordne og utnytte transportressursene for innbyggere og tilreisende i distriktene."
Det er viktig at ekspressbussane og lokalbusstilbodet korresponderer godt, og det bør til dømes etablerast fleksible bestillingsruter slik at folk til dømes kan kjøpa ein gjennomgåande billett frå Oslo og heilt fram til definerte stoppar i hyttegrendene. Korrespondanse mot fjellrutene sommarstid er òg ein del av dette.
For å auke kollektivandelen må det vera mogeleg å ta med syklar/el-syklar på kollektivtransport. Kjem ein i Valdres for å sykle blir noko av miljø-hensikta borte dersom ein må køyre bil for å få med sykkelen til reisemålet. Kan ein la bilen stå heime er det enklare å velja sykkelruter framfor rundturar, der ein må kome seg attende til der bilden står parkert. Å ta med bysykkelen til hytta, for å kunne nytte den på destinasjonen, vil òg bli enklare dersom det blir lettare å ta med sykkel på kollektivtransporten.
"Arbeide for mobilitetstiltak som bedrer folkehelsen "
Utbygging av gang- og sykkelvegar bør prioriterast høgare, og koordinerast betre mellom statlege, regionale og lokale styresmakter. I dag er ansvaret delt, noko som kan føra til treg framdrift og fragmentert utbygging.
"Arbeide for tryggere reiser med færre skadde og drepte."
Det å kome fram på ein trygg måte må prioriterast. Trafikktryggleik og det å kome seg fram på ein effektiv måte må leggast til grunn for prioritering av knappe midlar. Trafikktryggleik og trygge lokalsamfunn må få stor vekt. I byar og tettstadar må trafikken leggast utanom sentrum. Mellom anna går det gjennom Fagernes, i Nord Aurdal kommune, i dag ein årsdøgntrafikk på 10700 bilar, noko som er uakseptabelt.
"Arbeid for at alle delar av reisa blir universelt utforma"
Det er viktig å ha fokus på universell utforming som eit generelt tiltak slik som omtalt. I ei undersøking, som er utført av Ipsos på oppdrag for Noregs Blindeforbund, går det fram at nesten 2 av 3 synshemma kvir seg for/aldri nyttar kollektivtransport åleine. Det å finna rett buss, er den største utfordringa. Øystre Slidre kommune oppfordrar fylkeskommunen til å arbeide for å betre den fysiske utforminga av busshaldeplassar og kollektivhaldeplassar i tråd med tilrådingane for universell utforming.
"Tilrettelegg for mer miljøvennlige kjøretøy"
Det største potensialet for å redusere klimagassutslepp i Valdres, ligg i å få ned utsleppa frå vegtrafikk, som er den største kjelda til klimagassutslepp i regionen. Tunge køyretøy står for ein stor del av utsleppa frå vegtrafikk. Mobilitetsstrategien omtaler ikkje godstransport eller utsleppsreduksjon frå tunge køyretøy.
- Det kan innførast ei eiga støtteordning til installering av ladepunkt for elbil for privathushald og bedrifter i distriktskommunar med låg elbildel.
- Det bør byggast ut nødvendig ladekapasitet og infrastruktur i område med mykje fritidsbusetnad.
- Det bør byggast ut destinasjonsladarar ved turistattraksjonar og i tilknyting til nasjonalparkar og turistattraksjonar i Valdres.
- Det må byggast ut moderne ultra-hurtigladarar, slik at ladekapasiteten blir auka proporsjonalt med at ein stadig større del av bilparken vert elektrifisert.
"Utvikle infrastruktur tilrettelagt for flere kollektivreiser."
God infrastruktur og eit godt kollektivtilbod er avgjerande for å gjera både Innlandet og Valdresregionen meir attraktiv for innbyggarar, næringsliv og tilreisande. Som den viktigaste transportkorridoren mellom aust-vest er det naturleg og forventa at E16, vert høgt prioritert i nasjonal samanheng. For Valdres er koplinga mot Vestlandet viktig, bussruter mot Tyinkrysset og vidare mot Bergen må oppretthaldast og utviklast.
For Valdresregionen er FV 33 viktig mot Mjøsregionen og Innlandet, denne vegen er òg viktig for Mjøsregionen i koplinga mot Vestlandet. Fylkesveg 33 er godt opprusta på strekningen Bjørgo – Gjøvik. Utviklinga av kollektivtrafikk langs denne aust- vest aksen burde vore betre. Ein betre struktur med saumlause reiser mellom Valdres, Lillehammer og Hamar må utviklast. Valdres må inkulderast i Innlandet også kollektivt. Bussruter frå Valdres bør korrespondere med togtilbodet på både Dovrebanen og Gjøvikbanen. For Dovrebanen gjeld det særskilt i retninga mot Trondheim.
For Valdres er òg Bergensbanen viktig, med ei storstila satsing på Bergensbanen og hyppige avgangar mellom Hønefoss og Oslo må det utviklast ei god korrespondanse mot togtilbodet frå Hønefoss i framtida. For Bergensbanen mot vest og mot Bergen, er ei kopling mot vest viktig på Gol stasjon for buss frå Fagernes.
Fylkesveg 51 over Valdresflya er viktig som nasjonal turistveg, men den er òg viktig for å bringe reisande inn i fjella våre og til turiststaden Beitostølen. Denne strekningen må inn i ein knutepunkttenking både mot Oslo og togtilboda på Dovrebanen og Otta stasjon.
"Inspirere til å velge bærekraftige reisemåter"
Øystre Slidre kommune er av den oppfatninga at haldningskampanjar frå fylkeskommunen har liten effekt på folks reisemønster. Konkrete tiltak bør prioriterast. Viktigare drivarar for overgang til nullutsleppsbilar er nasjonal avgiftspolitikk, men også regionale tilrettelegging har betydning.
For auka kollektivtransport, er frekvens på avgangar, regularitet, tidseffektivitet og billettprisar viktige faktorar.
Oppsumering:
Øystre Slidre kommune støttar i all hovudsak temaval og tiltak i planen. Men vil understreke nokre punkt i ei oppsummering:
Valdres ligg i utkanten av fylket, og har i dag relativt gode ekspressrutetilbod mot Oslo, dette er på mange måtar hovudpulsåra i kollektivtilbodet vårt. Ei påkopling av ruter mot dette nettet med gode knutepunkt og haldeplassar vil vera framtidsretta, inkl. ei kopling mot gåande og syklande. Eit betra rutetilbod på kveld vil kunne inkludere ungdommen på bygda betre både i fritidstilbod, men òg i arbeidslivet. Ettermiddagsjobben til ungdommen i Valdres kan vera utfordrande, då tilbodet om å kome seg heim etter arbeidsdagen ikkje er der. Eit betra rutetilbod til og frå Mjøsbyen vil inkludere Valdres i Innlandet, slik at alle t.d. kan kome seg til og frå sjukhus og andre tilbod sentralt i fylket kollektivt.
Det er i utgangspunktet færre potensielle brukarar av kollektivtrafikk i Valdres enn i Mjøsregionen, men for dei gruppene ein ynskjer å inkludere, er behovet like stort hjå ein brukar i Valdres som andre stadar. Eit godt rutetilbod er inkluderande, det er miljømessig rett og det gjev konkurransekraft til næringslivet. Med meir enn 20 000 fritidsbustadar i Valdres er det eit langt større folketall her enn dei som er fastbuande, og det er eit potensial for auka kollektivtrafikk her. Nye fleksible løysingar bør kunne prøvast ut i eit område som vårt.
I område som Valdres med eit svært avgrensa kollektivtilbod, er det behov for ulike former for bestillingstransport. Tilbodet Trygt heim for 69/100 kr har vore viktig for mange ungdomar og må vidareførast. For eldre kan bestillingstransport på dagtid vere eit viktig tilbod.