Jorunn Rogne Ekerbakke (Sp) la fram følgjande framlegg om endra tekst s.22 i økonomiplandokumentet:
Kommunestyre vedtar å innskrenke opningstider i barnehagen i juli, altså 4 veker, slik: kl 08:00- 16:00.
Magnhild Strand (Sp) la fram føgjande framlegg om tilleggspunkt s. 44 i økonomiplandokumentet:
Det er ei kommunal oppgåve å leggje til rette for areal til ulike formål. Kommunestyret meiner at det ikkje treng å bety at kommunen må kjøpe eller innløyse grunnen. Ved tilrettelegging for nye næringsareal kan det vere ei betre løysing å overlate til dei næringsdrivande å erverve og opparbeide areala.
Bjarne Budal (Ap) la fram følgjande framlegg om endra tekst s.22 i økonomiplandokumentet:
For å sikre og oppretthalde opningstidene på sommaren, bruke 80 tusen frå disp fond.
Gunnar Thue (H) la fram følgjande endring av tekst i økonomiplandokumentet:
Kulepunkt 4 i 10 på topp. Legge til følgjande ……med bakgrunn i arealstrategien og næringsstrategien i kommuneplanen....
Bente Oxhovd og Morten Steinsrud bad om gruppemøte.
Først vart det røysta over forslaget frå Bjarne Budal om å oppretthalde opningstidene I barnehagen. Forslaget frå Bjarne Budal fekk 8 røyster og fall.
Tilrådinga frå formannskapet om sommarstengt barnehage i 2 veker vart etter det sett opp mot forslaget frå Sp. Forslaget frå Sp vart samrøystes vedteke.
Forslaget frå Gunnar Thue fekk 6 røyster og fall.
Forslaget frå Magnhild Strand fekk 12 røyster og vart vedteke.
Tilrådinga frå formannskapet, punkt 1 til 8 vart samrøystes vedteke. Til slutt vart økonomiplanen for 2022-2025 røysta over samla og vart samrøystes vedteke.