Formannskapet i Øystre Slidre gir etter jordlova sin §§ 9 og 12 løyve til frådeling av ei bustadtomt på ca. 2,5 da liggande på tunet til gnr. 2 bnr. 1. Resten av arealet skal arealoverførast til GID 2/75. Grunngjevinga for dette er at eit framtidig tun kan utviklast vesentleg betre på ein meir egna plass på eigedomen, og at delinga vil gje ei driftsmessig betre løysing enn å starte opp med gardsdrift og husdyrhald så tett opp til turistverksemda. Delinga er forsvarleg ut frå dei ressursane som ligg til den samla landbrukseigedomen, og styrkar mogelegheitene for at gamle bygg på tunet blir tatt vare på, noko som har stor samfunnsinteresse. Formannskapet kan ikkje sjå at delinga fører til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, og legg vekt på at delinga vil styrke busetnaden i grenda. Formannskapet dispenserer frå arealdelen til kommuneplanen, og godkjenner frådeling og omdisponering av tunet på gnr. 2, bnr.1 til bustadføremål med ei tomt på ca.2,5 da, og ei arealoverføring av resterande areal til gnr. 2 bnr.75 til arealføremålet næringsverksemd. Dispensasjonen er gjeven i medhald av plan- og bygningslovas § 19-2. Formannskapet finn at fordelane ved ei frådeling er klart større enn ulempene i denne saka, og at delinga ikkje strir i mot dei omsyn som planen skal ivareta. Formannskapet godkjenner frådeling av ei bustadtomt på ca. 2,5 da og ei arealoverføring av resterande areal av tunet på gnr. 2 bnr. til gnr. 2 bnr.75. |