Ordførar orienterte om habilitetsspørsmål som vart reist på førehand.
Ordførar opplyste at han er nabo til ein av utbyggerne og bad om å få vurdert sin habilitet.
Bjarne Budal tok over som ordstyrar.
Arnfinn Beito opplyste at han er stølseigar 500-700 meter frå utbyggingsområdet og kan ha beiterett innanfor utbyggingsområdet, og bad om å få vurdert sin habilitet.
Morten Steinsrud opplyste at han er stølseigar i nærleiken av utbyggingsområdet og kan ha beiterett innanfor utbyggingsområdet, og bad om å få vurdert sin habilitet.
Bente Oxhovd opplyste at ho er medeigar i selsapet som ønskjer å regulere området og bad om å få vurdert sin habilitet.
Formannskapet var på dette grunnlaget ikkje beslutningsdyktig i vurderinga av habilitet sidan 4 av medlemmane hadde reist spørsmål om habilitet. Med bakgrunn i forvaltningslova § 8, andre og tredje ledd bad ordstyrar innkalla varamedlemmer tre inn i møtet.
Magnhild Strand opplyste at Sørre Beito sameige, der ho er mediegar har eit areal i nærleiken av utbyggingsområdet, og bad om å få vurdert sin habilitet.
Magnhild Strand gjekk frå møtet under vurderinga av sin habilitetet.
Formannskapet fann ordførar habil. Ordførar trådte inn i møtet og tok over som ordstyrar.
Formannskapet fann Arnfinn Beito inhabil. Magnhild Strand møtte som varamedlem.
Formannskapet fann Morten Steinsrud inhabil. Tor Skattebo møtte som varamedlem.
Formannsklapet fann Bente Oxhovd inhabil. Gunnar Thue møtte som varamedlem.
Brev dagsett 22.06.2021 frå Reidar Fredrik Olsen vart referert i møtet.
Odd Erik Holden la fram følgjande forslag til vedtak:
Formannskapet avvisar forslaget tilPlanprogram - Detaljregulering for Reguleringsplan for Liahaugstølen, med bakgrunn i at forslaget til planprogram ikkje er i samsvar med gjeldande kommunedelplanen for Beitostølen.
Forslaget vart sett opp mot tilrådinga
TIlrådinga fekk 1 røyst (H).
Forslaget frå Odd Erik Holden fekk 4 røyster (3 Sp, 1 Ap)