Formannskapet fastset planprogram for «reguleringsplan for Liahaugstølen» slik det går fram av vedlagt « Revidert Planprogram for Liahaugstølen», men med følgjande endring: Planområdet skal vera i samsvar med kommunedelplanen for Beitostølen. Vedtaket er gjort i medhald av PBL § 12-9 og kommunens delegeringsreglement kap. 2.37.2.
Arnfinn Beito, Bente Oxhovd og Morten Steinsrud var inhabile ved handsaming av saka 24. juni 2021, og grunnlaget for inhabiliteten er ikkje endra. Bjarne Budal tok over som ordstyrar. Formannskapet slutta seg til inhabiliteten til Arnfinn Beito, Bente Oxhovd og Morten Steinsrud. Jorunn Ekerbakke møtte som vara for Arnfinn Beito.
Bjarne Budal orienterte om Magnhild Strand sin vurdering av habilitet, og at ho på dette grunnlag ikkje kunne møte som vararepresentant. Formannskapet slutta seg til at Magnhild Strand er inhabil i saka.
Bjarne Budal spurde om det var andre forslag til andre som ordstyrar. Det var det ikkje, og han vart vald som ordstyrar i saka.
Rådmann la fram følgjande tillegg til tilrådinga, nytt pkt 2:
Det skal leggast til grunn for planprogrammet at føremålet for den delen av H1 i kommunedelplanen for Beitostølen som ikkje inngår i planområdet, skal avklarast som del av revidering av arealdelen av kommuneplanen.
Bjarne Budal Ap la fram følgjande forslag til endring:
Formannskapet fastset planprogram for «reguleringsplan for Liahaugstølen» slik det går fram av vedlagt « Revidert Planprogram for Liahaugstølen», men med følgjande endring: Planområdet skal vera i samsvar med kommunedelplanen for Beitostølen.
Forslaget frå Bjarne Budal vart sett opp mot tilrådinga frå rådmann. Tilrådinga frå rådmann fekk ei røyst (H). Forslaget frå Bjarne Budal (Ap) fekk 3 røyster (2 Sp, Ap)