Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 gjev formannskapet dispensasjon frå LNF føremålet til fritidseigedom i kommunedelplan for Beitostølområdet. Grunngjevinga for dispensasjonen er at den ikkje kjem i konflikt med dei målsetjingane som er vedteke i planen for området. Tiltaket vil gje betre utnytting av offentleg infrastruktur slik at fordelane er større enn ulempene.
Formannskapet dispenserer og frå maksimal BYA innanfor kommundelplanen. Vedtaket om maksimal utnytting er i samsvar vedtak i sak 33/18 som opnar for same utnytting i kommundelplanane og arealdelen til kommuneplan.
Med heimel i plan- og bygningslova § 20-3, jf. §20-1 og 21-2, godkjenner formannskapet søknad om rammeløyve for oppføring av fritidsbustad gnr. 3, bnr. 442, i samsvar med søknad og innsendte teikningar, på følgjande vilkår:
- Hytta må leggast noko lågare i terrenget og /eller flyttast ein meter mot nord. Fyllinga mot sør må senkast slik at det vert ein høgdeforskjell på 0,5 m til topp terrasse. Reviderte teikningar/profilar skal sendast inn ved søknad om IG.
- Rammeløyve gjev ikkje tilgang til å setje i gang arbeid på byggjeplass. Dette skjer gjennom søknad om igangsettingsløyve med tilhøyrande dokumentasjon av ansvarlege føretak.