Formannskapet i Øystre Slidre kommune gjev dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel og godkjenner ein arealoverføring av eit areal på om lag 1,5 dekar frå eigedom gnr. 48 bnr. 3 til eigedom gnr. 45 bnr. 203. Grunngjevinga for dispensasjonen er at den ikkje strir mot omsyn som planen skal ivareta. Dispensasjon er gjeve i medhald av plan og bygningslova § 19-2.
Formannskapet i Øystre Slidre kommune gjev etter jordlova § 12 løyve til arealoverføring av eit areal på om lag 1,5 dekar frå eigedom gnr. 48 bnr. 3 til eigedom gnr. 45 bnr. 203. Grunngjevinga for dette er ein gunstig plassering og arrondering av arealet. Tilleggsarealet skal nyttast som ridebane og stall til hest. Formannskapet kan ikkje sjå at delinga vil føre til drifts- og miljømessige ulemper for skogbruket på eigedom 48/3.
Formannskapet godkjenner søknad om arealoverføring av eit areal på 1,5 dekar frå eigedom gnr. 48 bnr. 3 til eigedom gnr. 45 bnr. 203. Vedtaket er gjort i medhald av plan og bygningslova § 20-1, litra m.