Formannskapet gjev i medhald av plan- og bygningslova § 19-2, dispensasjon frå føresegna til kommunedelplan for Gravfjellsområdet og godkjenner oppføring av antennemast i samsvar med søknad.
Grunngjevinga for dispensasjonen er at denne saka har stor offentleg interesse og at tiltaket legg beslag på svært lite areal. Dispensasjonen strir ikkje i mot dei omsyn som planen skal ivareta. Fordelane med ein betre telekommunikasjon styrker grunnlaget for ei utbygging i tråd med kommuneplanen og bedrer beredskapen, noko som er klart større enn ulempene.
Formannskapet finn at fordelane ved ein dispensasjon er større enn ulempene.
Formannskapet gjev i medhald av plan- og bygningslova § 21-4 jf.§ 20-1, rammeløyve for oppføring av preantennemast på følgjande vilkår:
1. Avfall frå byggearbeidet skal leverast til godkjent mottak. Kvitteringslister for dette skal fylgje søknad om ferdigattest.
2. Fundamentet skal vere tilstrekkeleg for å kunne motstå vindlast, telehiv og andre aktuelle belastningar.
3. For øvrig må alt byggearbeid utførast i samsvar med relevante krav i plan- og bygningslova og teknisk forskrift.
Privatrettslege tilhøve er ikkje vurdert i saka.
Rådmann la fram følgjande tillegg i tilrådinga:
Dispensasjonen strir ikkje i mot dei omsyn som planen skal ivareta. Fordelane med ein betre telekommunikasjon styrker grunnlaget for ei utbygging i tråd med kommuneplanen og bedrer beredskapen, noko som er klart større enn ulempene.
Tilrådinga med tillegg vart samrøystes vedteke