Lått og leven med Annlaug og Mari

Laurdag 23.oktober kl 12.00 kjem Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones på besøk til Øystre Slidre folkebibliotek. Dei har laga framsyninga "Tenk om eg var ein tanke", der me får vera med på ei magisk reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk og er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Musikken er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon. På leikent og finurleg vis gir framsyninga ungane kjennskap til lyrikk som sjanger og gir dei eit godt møte med nynorsk som bruksspråk.  For barn frå ca 3 år og oppover. Gratis inngang.

Dato
23. oktober 2021
Tid
12:00 - 13:00
Stad
Øystre Slidre folkebibliotek

Arrangør

Øystre Slidre folkebibliotek og Øystre Slidre spel og dansarlag