Selbuvotten

Onsdag 27.oktober kl. 18.00 kjem Terje Tjelle til biblioteket og held foredrag om selbuvotten. Terje har vore ein ihuga strikkeentusiast og hobbystrikkar frå han var 7-8 år. Han er utdanna lærar, og gjekk også 2 år på husflidskulen der han lærte vev og strikkedesign. Terje kjem frå Rauma og har difor alltid vore glad i ullgarnet frå Rauma Ullvarefabrikk. Og selbuvottar har vore ei særinteresse frå studietida, som har resultert i at han har strikka utallige selbuvottar samt reist rundt med foredrag. Arrangementet er gratis og i samarbeid med Øystre Slidre husflidslag.

Dato
27. oktober 2021
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Øystre Slidre folkebibliotek

Arrangør

Øystre Slidre husflidslag og Øystre Slidre folkebibliotek