Øystre Slidre kommunen har følgjande innspel til det kommande tariffoppgjeret
- Bør den avgrensa økonomiske ramma i Hovedtariffoppgjøret fordelast sentralt, eller bør den forhandlast lokalt, ut i frå lokale behov?
Sidan signalisert ramme for lønsveksten i 2022 er liten (estimert disponibel ramme på 1 %) ynskjer kommunen at alle lønsmidla vert fordelt sentralt til dei ulike gruppene i kap.4. Kommunen hadde ein stor lokal pott i 2021 til fordeling, og det er ikkje hensiktsmessig å dele opp ramma i 2022 til både sentrale tillegg og lokale tillegg. Dersom det av ulike grunnar skulle bli ein større pott å fordele, bør noko fordelast sentral og noko lokalt.
- Dersom ramma vert fordelt sentralt; bør KS søke å gje alle arbeidstakere med sentral lønsdanning ein så god, generell lønnsutvikling som mogleg, eller er det ønskeleg med ei omfordeling med tydelegare opprioritering av enkelte stillingsgrupper framfor andre? I så fall kva?
Grunna større rekrutteringsutfordringar i nokre stillingsgrupper er det ynskjeleg med tydelegare prioritering frå sentralt hald. Det er då i første omgang stillingsgruppa 3 – årig utdanning (høgskule/universitet) som bør prioriterast. I denne gruppa finn me blant anna sjukepleiarar, vernepleiarar og barnehagelærarar, desse er grupper som jamt over er utfordrande å rekruttere og behalde, og som det er stor konkurranse om i marknaden.
Deretter ynskjer me at fagarbeidargruppa vert prioritert. Særleg helsefagarbeidarstillingar viser det seg at det kan vere utfordrande å rekruttere til og me veit behovet her er aukande.
Det er ynskjeleg med ei høgare begynnerløn i tariffstigen, og med det ei jamnare fordeling av ansiennitetstillegga frå 0 til 16 år. Det er ikkje føremålstenleg at ein byrjar med ei låg begynnerløn og får det store lønshoppet når ein når 10 år i stillinga. Målet med høgare lønsnivå for desse stillingsgruppene er at det skal verke rekrutteringsfremmande, slik at det vert meir attraktivt å ta dei spesifikke studia/fagbreva, og å stå i stillingane.
- Kva andre endringar i Hovedtariffavtalen bør prioriterast?
- Høgare helgetillegg for arbeidstakarar som arbeidar fleire faste helgetimar i turnusen (vil gjere det meir attraktivt med meir helgearbeid)
- Sentral særavtale som gir kommunen moglegheit til å lokalt framforhandle lengre vakter/langvakter på helg.
Heiltid
Kommunen ynskjer tiltak som gjer det lettare å kunne tilby heiltidsstillingar innan turnusyrka i helse og omsorg:
- Høgare helgetillegg for arbeidstakarar som arbeidar fleire faste helgetimar i turnusen (vil gjere det meir attraktivt med meir helgearbeid)
- Sentral særavtale som gir kommunen moglegheit til å lokalt framforhandle lengre vakter/langvakter på helg.
Ansiennitet
Dagens ansiennitetstige er lite logisk og ikkje rekrutteringsfremmande. Den strek seg frå 0 til 16 år med låg begynnerløn og det største spranget i lønsnivå når tilsette når 10 års ansiennitet. Det hadde vore meir hensiktmessig med ein kortare stige (10 år), med høgare begynnerløn og ein jamnere fordeling av ansiennitetstillegga. Det er også ynskjeleg med enklare føresegner knytt til utrekning av ansiennitet, blant anna at det bør vere ei lågare grense for når tilkallingsvikariat skal telje, og at det bør vere meir likheit i at praksis frå også privat næring skal teljast med, og spørsmål om det er hensiktmessig at det er ulike ansiennitetsføresegner i dei ulike lønsgruppene slik som det er no.
Garantilønnssystemet:
I noverande tariffsystem (garantilønsystemet) så er det slik at dersom ein nytilsett får eit høgare lønsnivå enn tariff grunna lønsforhandling ved oppstart ( feks ved rekrutteringsutfordring), vil vedkommande bære med seg dette tillegget vidare. Når vedkommande då rykker opp ansiennitetsstigen (2,4,6,8,10,16 år) vil den tilsette etterkvart gå forbi kollegaer i same stillingsgruppe som har lengre ansiennitet. Dette skaper eit urettmessig skeivheit som ein ikkje ynskjer, men for å unngå denne forskjellen er kommunen bundet til å halde seg på tariffnivå ved nytilsettinger, noko som begrenser rekrutteringsmoglegheita.
Skille i ulempetillegg for kveld og natt
No er tillegget for kveld og natt det same. Vi føreslår eit skille mellom kveld - og nattillegg, der nattillegget vert høgre enn kveldstillegget. Arbeid på natt er meir belastande og vanskelegare å rekruttere til.
I samband til tillitsreforma har kommune følgjande innspel :
- Kva vil kommunen sjølv ha mest merksemd på i ei tillitsreform, i eigen organisasjon og ovanfor lokalsamfunnet?
Kommunen vil ha fokus på godt og utviklande samarbeid mellom folkevalde organ og administrasjon, mellom leiar og medarbeidar, og mellom kommune og innbyggjarar.
- Forholdet mellom folkevalde og administrasjon skal vere tufta på tillit og openheit, tydelege ansvarsområder og konstruktiv dialog.
- Tenestene skal byggje opp under brukarane sine behov, og innbyggjarane skal involverast. I ei samskapingsmodell må innbyggjarane gå frå å vere tenestemottakarar til å medverke i tenesteproduksjonen.
- Tilsette skal få tillit og ansvar til å utføre oppgåvene sine. Leiinga skal fokusere på tydelege forventningar og måloppnåing framfor detaljstyring. Leiarar må ha fokus på å gjere dei riktige tinga (prioritering), medan dei tilsette må få avgjere korleis ein skal gjere tinga riktig. Tydeleg leiing og myndiggjorte medarbeidarar er viktige stikkord i tillitsreforma.
- Faglege vurderingar som grunnlag for politisk sakshandsaming og berekraftig samfunnsutvikling skal vera kunnskapsbasert. Dette skapar tillit og legitimitet.
- Kva bør KS som interessepolitisk aktør ha mest merksemd på i utforminga av ei tillitsreform i og ovanfor kommunesektoren?
KS bør :
- sette fokus på tillitsbasert rammestyring. Kommunane har i dag store krav til internkontroll i kommunelova, omfattande eigenrevisjon gjennom kontrollutvalet og omfattande tilsynsfunksjonar frå statsforvaltaren og andre statlege tilsynsorgan. Etter kommunen sin vurdering blir den samla ressursbruken til kontroll og tilsyn frå statens sin side for høg. I ein tillitsreform bør staten legge mindre vekt på statleg tilsyn, og ha tillit til at kommunane sin eigenkrontroll sikrar dei lovpålagde tenestene til innbyggarane.
- overfor staten jobbe for at kommunen blir sikra fullfinansiering av gjennomførde og nye oppgåver til kommunane.
Kommunane er avhengig av tillit både frå staten og opinionen for å fungere som eit lokaldemokratisk sjølvstyre. Globale trendar gjev signal om at demokratiets framgang som styringsform står i fare. I Norden har me i dag samfunn bygd på høg grad av tillit og sterke institusjonar. Vi skal likevel ikkje reise langt før vi finner land der vi ser heilt andre forhold når det gjeld tilliten mellom innbyggarane og styresmaktene, tillit til tradisjonelle media, tillit til valsystem og tillit og respekt mellom ulike grupper av befolkninga. Auke i polarisering av opinionen, faktaresistens og «fake news» er truande trendar for demokratiet. KS bør bruke sin posisjon som interessepolitisk aktør til å styrke tilliten til lokaldemokratiet mellom det lokale folkevalde sjølvstyret, staten og opinionen. Formidling av faktabasert kunnskap som grunnlag for lokalpolitiske val og vedtak er ein heilt sentral del av dette.
- Kva bør eventuelt KS bidra med som utviklingspartnar for kommunane i gjennomføringa av ei tillitsreform lokalt?
Det er viktig at KS :
- møter medlemmene sine behov og ynskjer
- er i forkant med faktabasert kunnskap og kompetanse om kva utfordringar kommunesektoren kjem til å møte i framtida
- framstår heilheitlege, framtidsretta og koordinerte
- har ein god og tett dialog med kommunane
- bidreg til konkrete forslag til endringsprosessar som fremmer tillitsbaserte løysingar, nettopp for å fylle orda i tillitsreforma med konkret innhald.