1. Kommunestyret vedtek følgjande retningliner for handsaming av saker om å kunne bu på hytta:
Rådmannen har fullmakt til å gje dispensasjon frå føremålet fritidsbusetnad eller fritids- og turistføremål og frå krav til bustad i teknisk forskrift når følgjande kriterium er til stades
- Bygningen har slik standard og tilgjengelegheit at den er eigna til fast bustad
- Bygningen har innlagd straum og er knytt til offentleg vatn og avlaup eller på andre måtar ha tilfredsstillande VA-anlegg
- Eigedomen har tilkomst til veg med god standard og heilårs vedlikehald, slik at naudetatar, helsetenester, renovasjons- og slamtøming har god tilkomst til eigedomen
- Eigedomen må ha nærleik til veg for skuleskyss.
Det skal vera eit vilkår for dispensasjonen at eigar av eigedomen sjølv må ha bustadadresse på eigedomen i minst tre år. Dispensasjonen kan gjelde så lenge eigar av eigedomen har bustadadresse på eigedomen eller til kommunen opphever dispensasjonen. Ein dispensasjon om å nytte hytta eller fritidsleilegheita som fast bustad gjev ingen endringar i matrikkelen.
2. Gebyr for administrtiv handsaming av denne typen saker vert sett til kr 2000,- pr. sak.
One Granli Enerud la fam forslag om å utsette saka. Forslaget fekk 3 røyster (SV, V og 1 Sp) og fall.
Innstillinga frå formannskapet vart vedteke med 16 røyster (10 Sp, 5 Ap og 1 H)