Her ser du informasjon om eit møte i Formannskapet.
Møte i Formannskapet den 21.04.2022
Formannskapet
21.04.2022 09.30 - 15.30Formannskapet |
21.04.2022 09.30 - 15.30 |
Tingvang |
Møtet er ferdig protokollert |
|
|
Saksliste
Brevdato:
12.04.2022
Dokumenttype:
Saksframlegg
Ansvarlig enhet:
STAB
Dokumenter
Vedtak
Protokoll godkjent utan merknad
Sakene vert teke til vitande
Behandling
Samrøystes vedteke.
Gunnar Thue og Bjarne Budal signerer protokollen
Brevdato:
29.03.2022
Dokumenttype:
Saksframlegg
Ansvarlig enhet:
Næring plan og byggesak
Dokumenter
Vedtak
I samsvar med kommunalt delegasjonsreglement avslår formannskapet søknad om deling av skogteig frå Knut Olav Dahle, 3453 – 17/1,og arealoverføring til Are Solhaug, 3453 – 17/24,med grunnlag i att delinga ikkje i tilstrekkeleg grad oppfyller Jordlovas § 12 sitt føremål om ei driftsmessig god løysing.
Behandling
Vedteke med 4 røyster. (Sp og Ap)
Brevdato:
08.04.2022
Dokumenttype:
Saksframlegg
Ansvarlig enhet:
Næring plan og byggesak
Dokumenter
Vedtak
- Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2, gir formannskapet dispensasjon frå Reguleringsføresegner for B.51 Beitostølen Arena, punkt 1.5 med føresegner for avvik frå krav om takmaterialet. Grunngjevinga for dispensasjonen er at tiltaket ikkje vil skilje seg merkbart ut frå omgjevnadene og at solkraft ei fornybar og miljøvenleg energiform som kommunen ønskjer å leggje til rette for. Omsyna med planen vil ikkje bli tilsidesett ved etablering av solcellepanel som utgreia i søknaden. Fordelane med etablering av anlegget blir vurdert som klart større enn ulempa.
- Rådmannen kan gje dispensasjon frå føresegner om krav til fasadematerial for tak og vegg, ved søknad om etablering av solcelle- og solfangaranlegg. Det må gjerast ei konkret vurdering for kvart enkelt tilfelle.
- Ved etablering av større anlegg for eksempel bakkemonterte anlegg vert det sett krav til reguleringsplan.
Behandling
Brevdato:
04.04.2022
Dokumenttype:
Saksframlegg
Ansvarlig enhet:
Næring plan og byggesak
Dokumenter
Vedtak
- Formannskapet gir DNT Oslo og omegn løyve til transport med snøskuter til Haldorbu, samt på barmark på køyresporet mellom Kvitfeten og Haldorbu med traktor og høg bil.
- Løyvet vert gjeve på fyljande vilkår
- Løyve for bruk av snøskuterar gjeld innan utgangen av april 2022
- Løyve for bruk av ATV/bil og traktor gjeld for barmarksesongen 2022.
- Køyrespor skal nyttast til å frakte rivingsvirke, arbeidsfolk og byggematerial.
- Løyvet gjeld berre for nødvendig køyring i samband med byggearbeid i Haldorbu.
- Vedtaket er fatta med heimel i forskrift for bruk av motorkjøretøyer og på islagte vassdrag § 6. Formannskapet vurderer at arbeid med bygging av ny DNT-hytte er eit særleg behov for køyring i utmark.
- Formannskapet gir DNT Oslo og omegn løyve til å nytte helikopter i samband med bygginig av ny hytte i Haldorbu.
- Løyvet vert gjeve på fyljande vilkår
- Helikopter kan nyttast éin dag, med inntil 20 løft, frå Selstølen til Haldorbu.
- Det er kun hytteelement som kan flyast inn, anna material skal fraktast med bil eller traktor etter køyrespor frå Kvitfeten.
- Transporten kan foregå ut april månad 2022. Tidspunkt for gjennomføring av transporten skal varslast og avklarast med Fram tareinlag, slik at transporten ikkje får negative følgjer for kalvinga.
- Vedtaket er fatta med heimel i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag § 6. Formannskapet vurderer at arbeid med bygging av ny DNT-hytte er ein særleg grunn til å nytte helikopter.
Tilhøvet til grunneigar
I samsvar med gjeldande rettsreglar har grunneigar eller brukar rett til å nekte eller
avgrensa motorferdsel på eigedomen sin, uavhengig av løyve av kommunen. Det må derfor innhentast løyve frå grunneigar før transporten startar.
Behandling
Rådmann la fram følgjande presiering av tlråding:
Løyve for bruka av snøskuter gjeld innan utgangen av april. Tidspunkt for gjennomføring av transporten skal varslast og avklarast med Fram tamreinlag, slik at transporten ikkje får negative følgjer for kalvinga.
Tilråding med tillegg fra rådmann vart samrøystes vedteke.
Brevdato:
05.04.2022
Dokumenttype:
Saksframlegg
Ansvarlig enhet:
STAB
Dokumenter
Vedtak
Øystre Slidre kommune overtar drifts- og vedlikeholdsansvaret og økonomiskansvar for Finntøppvegen og deler av Tjednbakken i samsvar med vedlagt kart.
Behandling
Brevdato:
07.04.2022
Dokumenttype:
Saksframlegg
Ansvarlig enhet:
Næring plan og byggesak
Dokumenter
Vedtak
Formannskapet sluttar seg til hovudlinje i notatet, men rår til at pkt. 2 og 3 byter plass i bustadstrategien for Beitostølsområdet og at Klyppemyrhaugen vert prioritert framfor Stølslie IV. Retningsline for spreidd bustadbygging bør presiserast på nokre punkt.
Behandling
Formannskapet sluttar seg til hovudlinje i notatet, men rår til at pkt. 2 og 3 byter plass i bustadstrategien for Beitostølsområdet og at Klyppemyrhaugen vert prioritert framfor Stølslie IV. Retningsline for spreidd bustadbygging bør presiserast på nokre punkt.
Samrøystes vedteke.
Brevdato:
05.04.2022
Dokumenttype:
Saksframlegg
Ansvarlig enhet:
Næring plan og byggesak
Dokumenter
Vedtak
Formannskapet slutta seg til vurderingane i notatet, men ber administrasjonen vudere ei større utviding ved Raubrøtmoen og ei utviding av næringsområdet ved Storefoss.
Behandling
Arnfinn Beito opplyste at han har jakt og beiteinteresser ved Mørken og har vore i dialog med grunneigar om kjøp av areal som er aktuell for næringsområdet ved revisjon av KPA, og bad om å få vurdert sin habilitet. Formannskapet fann Arnfinn Beito inhabil i saka. Magnhild Strand møtte som vara.
Formannskapet slutta seg til vurderingane i notatet, men ber administrasjonen vudere ei større utviding ved Raubrøtmoen og ei utviding av næringsområdet ved Storefoss.
Samrøystes vedteke