Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta.
Alt skal no fungere som normalt.
(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)
Protokoll godkjent utan merknadSakene vert teke til vitande
Samrøystes vedteke.
Gunnar Thue og Bjarne Budal signerer protokollen
I samsvar med kommunalt delegasjonsreglement avslår formannskapet søknad om deling av skogteig frå Knut Olav Dahle, 3453 – 17/1,og arealoverføring til Are Solhaug, 3453 – 17/24,med grunnlag i att delinga ikkje i tilstrekkeleg grad oppfyller Jordlovas § 12 sitt føremål om ei driftsmessig god løysing.
Vedteke med 4 røyster. (Sp og Ap)
Tilhøvet til grunneigar
I samsvar med gjeldande rettsreglar har grunneigar eller brukar rett til å nekte eller
avgrensa motorferdsel på eigedomen sin, uavhengig av løyve av kommunen. Det må derfor innhentast løyve frå grunneigar før transporten startar.
Rådmann la fram følgjande presiering av tlråding:Løyve for bruka av snøskuter gjeld innan utgangen av april. Tidspunkt for gjennomføring av transporten skal varslast og avklarast med Fram tamreinlag, slik at transporten ikkje får negative følgjer for kalvinga.
Tilråding med tillegg fra rådmann vart samrøystes vedteke.
Øystre Slidre kommune overtar drifts- og vedlikeholdsansvaret og økonomiskansvar for Finntøppvegen og deler av Tjednbakken i samsvar med vedlagt kart.
Samrøystes tilrådd
Formannskapet sluttar seg til hovudlinje i notatet, men rår til at pkt. 2 og 3 byter plass i bustadstrategien for Beitostølsområdet og at Klyppemyrhaugen vert prioritert framfor Stølslie IV. Retningsline for spreidd bustadbygging bør presiserast på nokre punkt.
Formannskapet slutta seg til vurderingane i notatet, men ber administrasjonen vudere ei større utviding ved Raubrøtmoen og ei utviding av næringsområdet ved Storefoss.
Arnfinn Beito opplyste at han har jakt og beiteinteresser ved Mørken og har vore i dialog med grunneigar om kjøp av areal som er aktuell for næringsområdet ved revisjon av KPA, og bad om å få vurdert sin habilitet. Formannskapet fann Arnfinn Beito inhabil i saka. Magnhild Strand møtte som vara.
Samrøystes vedteke