Formannskapet dispenserer etter pbl § 19-2 frå arealdelen av kommuneplanen punkt 1.3 Byggegrense ved vassdrag og vegetasjonsbelte i strandsona og punkt 13Bestemmelsessoner – fjellområda. Dispensasjonen gjelder oppretting av omsøkt trillestig på 300 meter, utbetring av eksisterande anleggsveg, rasteplass beståande av eit bord med fire sitteplassar, brygge og handikap-parkering for fire bilar i samsvar med søknad datert 05.04.2022 med vedlegg på gnr. 53, bnr.1.
Dispensasjonen er grunngjeve med at tiltaket både ved bygging og bruk ikkje kjem i konflikt med dei mål som arealdelen skal ivareta, og at tiltaket legg til rette for at personar med nedsett funksjonsevne får tilgang til natur og fiske i høgfjellsområde. Kommunen vurdera dette som stor samfunnsmessig nytte, spesielt for personar med nedsett funksjonsevne. Kommunen vurdera difor at nytten er klart større enn ulempa.
Med heimel i plan- og bygningslova § 20-3, jf. § 20-1, godkjenner formannskapet bygging av handikap-parkering, trillesti frå FV. 51 opp til Rjupetjednet, samt etablering av rasteplass og brygge ved Rjupetjednet i samsvar med innsendt prosjektering på gnr. 53, bnr. 1.
Ansvarlege føretak og ansvarleg søkjar og prosjekterande er Øystre Slidre kommune ved Teknisk drift (961 382 068).
Det vert sett følgjande vilkår for dispensasjonen: Det skal nyttast lokale morene- og vegetasjonsjordmassar for å dekke vegoppbygginga. Topplaget skal utførast med mørk grus i jordnære fargar.
Innspelet frå Beitelaget Skaget/Bitihorn om ønska tiltak ved gjennomgføring av trillestien sak tas med i den vidare planlegginga.
Arnfinn Beito opplyste om at han som leiar i Skaget/itihorn eitelag har sendt inn innspill i saka og bad om å få vurdert sin habilitet. Formannskapet fann Arnfinn Beito inhabil. Ingen møtande vara.
Kristin Krogvold Fystro bad om gruppemøte.
Kristin Krogvold Fystro la fram følgjande tillegg til tilrådinga:
Innspelet frå Beitelaget Skaget/Bitihorn om ønska tiltak ved gjennomgføring av trillestien sak tas med i den vidare planlegginga.
Tillegget vart samrøystes vedteke.