Her ser du informasjon om eit møte i Formannskapet.
 
Clear
     
 

Møte i Formannskapet den 29.09.2022

Formannskapet
29.09.2022 10.00 - 15.00
Utval:Formannskapet
Dato:29.09.2022 10.00 - 15.00
Møtestad:Tingvang
Status:Møtet er ferdig protokollert
Sakskart:Innkalling - Formannskapet - 29.09.2022 (Hoveddokument)
Møteprotokoll:Protokoll - Formannskapet - 29.09.2022 (Hoveddokument)

Saksliste

  • Referat- og orienteringssaker Hoveddokument 280KB

    67/22 - 22/9013 - Referat- og orienteringssaker

    Journaldato: 22.09.2022  4 dokumenter
    Brevdato: 22.09.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: STAB

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Protokoll godkjent utan merknad
    Sakene vert teke til vitande



    Behandling

    Samrøystes vedteke.

    Kristin Krogvold Fystro og Bjarne Budal skriv under prokollen frå møtet.

  • Dokumentet er offentleg, men ikkje publisert.

    22/8390 - Kirkebygg og økende strømutgifter sendt fra en enhet i Den norske kirke

    Journaldato: 12.09.2022  Avsendar(ar): Hamar Bispedømme   
    Dokumentet er offentleg, men ikkje publisert.
    Brevdato: 12.09.2022
    Dokumenttype: Innkomande dokument
    Ansvarlig enhet: Opplæring og kultur
     
  • TV-aksjon 2022 - Leger uten grenser Hoveddokument 287KB
    Brevdato: 12.09.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: STAB

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Øystre Slidre kommune løyver kr. 10.000 til TV-aksjonen NRK 2022 som går til Leger utan grenser.



    Behandling

    Ordførar la fram forslag om å løyve kr. 10.000 tl TV-aksjon NRK 2022.

    Ordførar sitt forslag vart samrøystes vedteke.

  • Retningsliner - bu på hytta Hoveddokument 383KB

    69/22 - 22/8980 - Retningsliner - bu på hytta

    Journaldato: 16.02.2023  1 dokument
    Brevdato: 21.09.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Næring plan og byggesak

    Dokumenter

     

    Vedtak

    1.    Kommunestyret vedtek følgjande retningliner for handsaming av saker om å kunne bu på hytta:

    Rådmannen har fullmakt til å gje dispensasjon frå føremålet fritidsbusetnad eller fritids- og turistføremål og frå krav til bustad i teknisk forskrift når følgjande kriterium er til stades        

    • Bygningen har slik standard og tilgjengelegheit at den er eigna til fast bustad
    • Bygningen har innlagd straum og er knytt til offentleg vatn og avlaup eller på andre måtar ha tilfredsstillande VA-anlegg
    • Eigedomen har tilkomst til veg med god standard og heilårs vedlikehald, slik at naudetatar, helsetenester, renovasjons- og slamtøming har god tilkomst til eigedomen
    • Eigedomen må ha nærleik til veg for skuleskyss.

     Det skal vera eit vilkår for dispensasjonen at eigar av eigedomen sjølv må ha bustadadresse på eigedomen i minst tre år. Dispensasjonen kan gjelde så lenge eigar av eigedomen har   bustadadresse på eigedomen eller til kommunen opphever dispensasjonen. Ein dispensasjon om å nytte hytta eller fritidsleilegheita som fast bustad gjev ingen endringar i matrikkelen.

    2.    Gebyr for administrtiv handsaming av denne typen saker vert sett til kr 2000,- pr. sak.

       



    Behandling

    Samrøystes tilrådd.

  • Fleksibel skulegrense, innbyggerinitiativ Hoveddokument 378KB
    Brevdato: 21.09.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Opplæring og kultur

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Øystre Slidre kommune ivaretek nærskuleprinsippet ved å tildele skuleplass innanfor skulekrinsen for nye elevar. Heimane kan søke til kommunen om at deira barn startar på ei anna barneskule enn nærskulen. Dette må skje når barnet startar i grunnskulen. Kvar søknad blir handsama individuelt og er eit enkeltvedtak. Skuleskyss som går ut over retten eleven har til skuleskyss til nærskulen står heimen for sjølv, når ikkje valet om anna skule enn nærskulen er grunngjeve i at kommunen ikkje kan oppfylle retten til opplæring på nærskulen.Kommunestyret delegerer til rådmannen å gjere vedtak om tildeling av grunnskuleplass til anna enn nærskulen.

    Innbyggarinitiativet om ein rett for foreldre som bur i midtre delar av kommunen til sjølv å velje skule for bornet sitt vert ikkje teken til følgje.



    Behandling

    Samrøystes tilrådd.

  • Regional plan for det inkluderende Innlandet 2023-2026 (2030) Høring Hoveddokument 409KB
    Brevdato: 14.09.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Kommunedirektør

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Øystre Slidre kommune støtter struktur, perspektiv, hovudmål, delmål og strategiar i planen.

    Kommunestyret har følgande innspel til handlingsdelen til planen:

    • Å sikre tilgangen på kompetanse i heile Innlandet er avgjerande for næringsutvikling og tenestetilbod i heile Innlandet, særleg i distriktskommunane. Punktet «Strategi for fleksibel høyere utdanning» bør styrkast og konkretiserast. I Valdres blir det m.a. arbeidd for å etablere desentralisert sjukepleiarutdanning.
    • Punktet «Innlandet universelt utformet 2025» bør styrkast ved at fylkeskommunen ikkje berre skal vurdere rullering og fornying av satsinga på universell utforming, men fornye denne satsinga. Øystre Slidre kommune har i kommuneplanen sagt at vi vil vera det best tilrettelagde reisemålet for alle. Vi deltek for tida i forskingsprogrammet Accesstour i lag med Beitostølen Helsesportsenter og lokale verksemder, for å auka kunnskapen om tilrettelegging av reisemål. Vi planlegg også fleire tiltak lokalt for å tilrettelegge for alle, m.a. ein trillesti i høgfjellet som vil vera unik i nasjonal samanheng og universell utforming av friområdet Furustand i kommunesenteret. Skal vi realisere eit reisemål for alle vil ordningar for fellesgodefinasering vere viktige å sikre. Kommunen ønsker å vere ein av pilotane for fellesfinansiering i jf. Hurdalsplattforma. Vi øsnker fylkeskommunen sin støtte for å bli dette.
    • Sikring av fjellandbruket er viktig for eit inkluderande Innlandet, jf. omtalen av dette under punktet Arbeidsliv og arbeidsplassutvikling. Fylkeskommunen har gitt økonomisk støtta til arbeidet med å etablere eit senter for fjellandbruk og iHurdalsplattformaheiter det at det skal etablerast eit senter for fjellandbruk. Ei breitt samansett styringsgruppe for etablering av Nasjonalt senter for fjellandbruk har no lagd fram si tilråding (vedlagd). Vi meiner at punktet fjellandbruk i handlingsplanen bør styrkast ved å ta inn følgjande formulering: «Fylkeskommunen vil bidra til etablering og utvikling av eit nasjonalt senter for fjellandbruk, i tråd med tilrådinga frå styringsgruppa for etablering av senteret».
    • Mange distriktskommunar har ein svak marknad for bustader, noko som m.a. inneber ein stor økonomisk risiko for dei som vurderer å bygge eigen bustad. Dette er ein kjent situasjon m.a. i Valdres. Innlandet fylkeskommune bør ta ein leiande posisjon i samarbeid med Husbanken for å utvikle dei distriktspolitiske verkemidla til Husbanken, jf. også omtalen av dette temaet i Hurdalsplattforma. Fylkeskommunen bør også styrke eigne verkemiddel for bustadutvikling i distrikta. Punktet «Boligutvikling i distriktene» bør synleggjere dette.
    • Kollektivtransport er svært viktig å betre, både for innbyggarar og tilreisande til kommunane. Skal vi få ned klimagassutsleppa frå transport, er det naudsynt at det blir lagt til rette for at fleire kan reise kollektivt også i distrikta. Det må jobbas for at kollektivtransport skal styrkas og bli eit alternativ som fleire vil og kan velja.  Eit kollektivtilbod for alle er ein viktig føresetnad for eit inkluderande Innland.

    .




    Behandling

    Rådmann la fram følgjande tillegg til tilrådinga:

    Lokalsamfunn, møteplasser og kultur

    Kollektivtransport er svært viktig å betre, både for innbyggarar og tilreisande til kommunane. Skal vi få ned klimagassutsleppa frå transport, er det naudsynt at det blir lagt til rette for at fleire kan reise kollektivt også i distrikta. Det må jobbas for at kollektivtransport skal styrkas og bli eit alternativ som fleire vil og kan velja.  Eit kollektivtilbod for alle er ein viktig føresetnad for eit inkluderande Innland.

    Skal vi realisere eit reisemål for alle vil ordningar for fellesgodefinasering vere viktige å sikre. Kommunen ønsker å vere ein av pilotane for fellesfinansiering i jf. Hurdalsplattforma. Vi øsnker fylkeskommunen sin støtte for å bli dette.

    Tlrådinga med tillegg vart samrøystes vedteke.

Frammøte

Frammøte
PolitikarPartiMedlemstypeE-Post
Odd Erik HoldenSenterpartietOrdførarodd.erik.holden@oystre-slidre.kommune.no
Bjarne BudalArbeiderpartietMedlembjarne.budal@oystre-slidre.kommune.no
Bente OxhovdHøgreMedlemoxhovdas@gmail.com
Arnfinn BeitoSenterpartietMedlemarnfinn.beito@oystre-slidre.kommune.no
Kristin Krogvold FystroSenterpartietMedlemkristin.krogvold.fystro@oystre-slidre.kommune.no