Formannskapet gjev dispensasjon frå føresegna til reguleringsplan for Stakkstølie nord – B 45 og godkjenner maksimal mønehøgd på ny hytte i samsvar med teikningsgrunnlaget, dvs. maksimal mønehøgde over ferdig planert terreng på 5,8 m.
Formannskapet gjev dispensasjon frå krav til taktekking for bruk av tretak i staden for torv eller skifer.
Dispensasjonane er gjeven i medhald av plan- og bygningslovas § 19-2. Grunngjevinga for dispensasjonen er at føremålet med føresegna er å avgrensa nær- og fjernverknadene av bygningen og sikre at bygningen ikkje bryt med bygningsmiljøet i området. Den løysinga som er vald, med ein bygning utan oppstugu og med tretak, gjev etter formannskapet si vurdering avgrensa nær- og fjernverknader og fell god inn i bygningsmiljøet. Det er ein fordel at bygningen ikkje får oppstugu, noko som er alternativet for utbyggar. Formannskapet meiner at fordelen med å gje dispensasjon er klart større enn ulempene.