1. Formannskapet sluttar seg til dei vurderingane som er gjort i vedlagt notat om fritidsbustader.
2. Formannskapet ber administrasjonen vurdere følgjande:
Gravfjellsområdet
H1:
Vurdere å ta ut delar av H1 (marginale areal, eksponerte areal).
H4:
Vurdere å utvide areal avsett til rasfare/bratt område.
B1:
Vurdere om B1 skal gjerast om til fritid.
FT1:
Vurdere omfanget av FT1 og naturleg avgrensing.
Javnlie:
Vurdere omfang av fortetting på 164.
Vurdere omfanget av 573 særleg området nærast stølsområdet. Konfliktdempande tiltak i høve beitenæringa må vurderast uavhengig av omfanget av 573, noko som også gjeld andre nye utbyggingsområde.
Liahaugstølen:
Vurdere å ikkje utvide område ift. gjelande plan.
Dalejordet:
Vurdere å ikkje nytte dette til utbyggingsføremål, men ein kombinasjon mellom grøntstruktur og aktivitetsbasert næring.
Størrtjedlieområdet:
Sette frist til utbyggarar/grunneigarar av Størrtjednlie-området om innan okt. -22 presentere realistisk og forpliktande plan for gjennomføring av områdeplan og utbygging av området. Dersom utbyggarar/grunneigarar ikkje presentere slik plan skal administrasjonen vurdere å ta ut heile eller delar av Størrtjednlie-området frå arealplanen og heller ta inn nye utbyggingsområde i KPA.
Bente Oxhovd opplyste at ho er mediegar i selskap som har fremja forslag om nytt areal til fritidsføremål, og bad om å få vurdert sin habilitet. Formannskapet fann Bente Oxhovd inhabil. Gunnar Thue møtte som vararepresentant.
Formannskapet drøfta seg fram til følgjande bestilling til administrasjonen, nytt punkt 2.
Formannskapet ber administrasojnen vurdere følgjande:
Gravfjellsområdet
H1:
Vurdere å ta ut delar av H1 (marginale areal, eksponerte areal).
H4:
Vurdere å utvide areal avsett til rasfare/bratt område.
B1:
Vurdere om B1 skal gjerast om til fritid.
FT1:
Vurdere omfanget av FT1 og naturleg avgrensing.
Javnlie:
Vurdere omfang av fortetting på 164.
Vurdere omfanget av 573 særleg området nærast stølsområdet. Konfliktdempande tiltak i høve beitenæringa må vurderast uavhengig av omfanget av 573, noko som også gjeld andre nye utbyggingsområde.
Liahaugstølen:
Vurdere å ikkje utvide område ift. gjelande plan.
Dalejordet:
Vurdere å ikkje nytte dette til utbyggingsføremål, men ein kombinasjon mellom grøntstruktur og aktivitetsbasert næring.
Størrtjedlieområdet:
Sette frist til utbyggarar/grunneigarar av Størrtjednlie-området om innan okt. -22 presentere realistisk og forpliktande plan for gjennomføring av områdeplan og utbygging av området. Dersom utbyggarar/grunneigarar ikkje presentere slik plan skal administrasjonen vurdere å ta ut heile eller delar av Størrtjednlie-området frå arealplanen og heller ta inn nye utbyggingsområde i KPA.
Tilrådinga med tillegg vart samrøystes vedteke