Bokbad og konsert i Gapahuken

 Torsdag 29.september kl 19.00 kan du møte forfattar og litteraturkritikar Bernhard Ellefsen i samtale med Alice Gudheim på Gapahuken i Øystre Slidre. Etterpå blir det konsert med den nye svensk- norske trioen Eriksson/Myhr/Malmström. Arrangementet er ein del av Valdres litteraturfest og eit samarbeid med Hilme året rundt.

Dato
29. september 2022
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Gapahuken

Boka som er tema for bokbadet er: "DET SOM GÅR TAPT. Naturen som forsvinner og litteraturen som forteller om den". Ei perle av ei bok der Bernhard Ellefsen sitt mål er å undersøke og formidle litterære verk som kan vera nyttige reiskap for tenking kring den naturkrisa me står i no. Han jaktar på litterære uttrykk som skildrar erfaringa av natur, anten han er øydelagt eller levande. Og i denne jakta møter me ein audmjuk, undrande og begeistra forfattar som verkeleg formidlar litteraturen med stor kraft og glede. Boka gjev oss friske blikk på både Fridtjof Nansen og Mikkjel Fønhus og samtidsforfattarar som Kerstin Ekman og Lars Monsen. Han skriv også tankevekkande om Laura Ingalls Wilder, forfattaren av bøkene om «huset på prærien»."

NY SVENSK-NORSK SUPERTRIO MED FERSK PLATE
Eriksson/Myhr/Malmström er ein nystarta svensk/norsk trio som spelar nykomponert folkemusikk på gitar, hardingfele og klarinett/bassklarinett. Med innslag av improvisasjon og stemmeføring basert på teknikkar lånt fra kontrapunkt, har trioen funne fram til eit nytt og spanande musikalsk uttrykk. Gitarens melodiske rolle tilfører folkemusikken ein ny nyanse der hardingfela og klarinetten går utanfor sine roller som melodiinstrument.

“Ny svensk-norsk supertrio! Utsökt, modern folkmusik som vi vill höra mer av.” – Lira Musikmagasin

Thomas Eriksson - gitar, komponist
Helga Myhr - hardingfele
Anna Malmström - klarinett/bassklarinett

Inngang kr 200
UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
Gratis for dei under 13 år
Arrangør: Hilme året rundt og Øystre Slidre Folkebibliotek
Konserten er støtta av Norsk kulturfond

Arrangør

Øystre Slidre folkebibliotek og Hilme året rundt