Kransen og kronen

torsdag 1. februar 2018, 18.00 - 19.00

Informasjon

Kransen og kronen - Klikk for stort bilete Torsdag 1.februar kl. 18.00 får vi besøk av skodespelar Gro Ann Uthaug og fiolinist Marieke Bettman. Dei viser framsyninga KRANSEN OG KRONEN, som spring ut frå idéen om å presentere Norges store nobelprisvinnarar i litteratur: Bjørnson, Hamsun og Undset i ei heilskapleg forestilling. Utvikla til fire mindre monologar fletta saman gjennom musikk av Johan Sebastian Bach, møter vi Maria Stuart (Bjørnson), Kristin (Undset), Victorias (Hamsun), og til slutt Petra (Bjørnson). I Oppland er det kraftige fotavtrykk frå våre tre store nobelprisvinnarer i Litteratur. Bjørnson på Aulestad i Gausdal, Undset på Bjerkebæk i Lillehammer, og Hamsun både i Lom/Vågå og på Gjøvik/Toten. Gro Ann Uthaugs idé om å sameine desse tre forfattarane i ei forestilling blir no ein realitet. Framsyninga er gratis, blir synt på auditoriet på ØSUS (Inngang frå biblioteket) og er støtta av Oppland fylkesbibliotek. Velkomen!

Nettside

Stad

Øystre Slidre folkebibliotek
 

Kontakt

Øystre Slidre folkebibliotek
 

Legg til hendinga i din kalender