Vedtak
Kommunestyret gjer følgjande endringar i vedtektene:
§ 3 SAMARBEIDSUTVAL
3.4 Val av samarbeidsutval skal gjennomførast innan 15. september i barnehageåret. Valperioden er inntil to år. Styrar er sekretær for samarbeidsutvalet.
§ 4 OPNINGSTID
4.1 Barnehageåret blir rekna frå 15.08 – 14.08.
Barnehagane er opne heile året, borsett frå romjul og to veker på sommaren.
Barnehagane er stengde jul- og nyttårsaftan og alle heilagdagar. Vi stenger kl. 12.00 onsdag før skjærtorsdag.
4.3 Den daglege opningstida er 07.15 – 16.45.
4.3.1 Dette punktet blir fjerna: Ein stenger barnehagane i romjula, og har ope med ordinær opningstid i påska.
4.3.2 Heile punktet blir erstatta med at barnehagane har stengt veke 29 og 30. (Nytt punkt vil nummererast med 4.3.1)
§8 FERIAR OG FRÅVÆR
8.1 Barn skal ha 4 veker med ferie i løpet av barnehageåret, 15.08 – 14.08. Alle barn skal ha 3 heile veker med ferie i tida 01.05 – 14.08, og to ferieveker skal vere samanhengande. Raude dagar inngår ikkje som feriedagar.
§ 6 OPPTAK
6.3 Ved opptak skal det leggjast vekt på følgjande i prioritert rekkefølgje:
1. Barn med nedsett funksjonsevne, ref. §18 i barnehagelova.
2. Barn som har vedtak om omsorgsovertakelse eller frivillig hjelpetiltak etter lov om barnevernstjenester (barnevernsloven §§ 4-12 og 4-4 annet og fjerde ledd).
3. Barn frå heimar med særskild sårbare barn grunna store belastningar i familien (Lov om sosiale tenester i arbeids- og veldfersforvaltninga).
4. Barn som allereie er i barnehagen, men ynskjer å auke tal dagar.
5. Skulestartere.
6. Søsken til barn i barnehagen.
7. Einslege forsørgarar.
§7 RUTINER VED OPPTAK
7.4.1 Barn som er søkt inn innan søknadsfrist, men som ikkje har rett på plass, vil få eit midlertidig svar i februar, og vedtak i september same år.
7.4.2 Ledige plassar kan tildelast etter vurdering av søknad heile året.
Verknadstidspunkt for endringane i vedtektene:
§ 3 SAMARBEIDSUTVAL : Gjeldande frå ny kommunestyreperiode
§ 4 OPNINGSTID: Gjeldande frå 2023.
§ 6 OPPTAK: Gjeldande frå barnehageåret 2024-2025. Søknadsfrist for barnehageåret 2023-2024 er gått ut og det er gjennomført opptaksmøte for neste barnehageår.
§8 FERIAR OG FRÅVÆR : Gjeldande frå kommunestyret sitt vedtak.
Behandling
Samrøystes vedteke.