Vedtak
Protokoll godkjent utan merknad
Sakene vert teke til vitande
Behandling
Interpellasjon lønsoppgjeret frå Alice Gudheim - Venstre
Kommenterar/svar er lagt inn med fet og kursiv tekst
Etter lærarstreiken, kom Rikslønsnemnda til at medlemmane i dei streikande organisasjonane får same tillegg som dei andre organisasjonane sa ja til. Kjennelsen sa også at virkningstidspunktet vart sett til 27. 09.
Medan kommunalt tilsette i dei andre organisasjonane får lønstillegga utbetalt frå 1. mai, må dei lærarane som er organisert i streikande forbund, vente til 27.09., altså nesten fem månader seinare.
Dette vil utgjere eit økonomisk tap for 70 lærarar i skular og barnehagar i Øystre Slidre kommune.
Dette er slik spelereglane i arbeidslivet fungerar, og er ein kjent og akseptert konsekvens/risiko for organisasjonar som vel å ta sine medlemmer ut i streik. Det er fast og langvarig praksis i Rikslønnsnemnda at verknadstidspunkt for sentrale lønnstillegg blir sett til den datoen arbeidet blir teke opp att. Streiken vart avslutta 27. september 2022, og det er avklart at sentrale lønnsendringar for 2022 skal utbetalast fra og med denne datoen. Det er ikkje høve til å fravike dette.
Dette er også Utdanningsforbundet innforstått med. I brev dei har sendt sine medlemmer 3. mars 2023 uttaler dei m.a.: «Etter rikslønnsnemndas kjennelse er det reist spørsmål om kommunen har mulighet til lokalt å utbetale lønnsendringene fra et tidligere virkningstidspunkt enn 27. september. Tariffavtalen gir ikke muligheter for endring av virkningstidspunktet.»
Vi reknar med at Øystre Slidre kommune har teke høgde for at Rikslønsnemnda kunne sett virkningstidspunktet frå 1. mai, og at det difor er sett av pengar til dette i budsjettet.
I førre kommunestyremøte stilte difor Venstre følgjande spørsmål til ordførar og rådmann:
- Kor mykje har kommunen spart på at virkningstidspunktet vart sett til 27.09. og ikkje 01.05. ?
Det fekk eg ikkje svar på.
Kommunedirektøren opplyste på kommunestyremøtet den 9. mars at kommunen ikkje hadde finrekna på dette, men at grove anslag tilsa at det dreier seg om eit beløp rundt 3-400 000 kroner.
Eit meir nøyaktig overslag viser spart regulativlønn inkl. sosiale kostnader på rundt 380 000 kroner.
Utdanningsforbundet anslår at Øystre Slidre kommune truleg har spart om lag 450 000 kr og norske kommunar til saman har spart minst 870 millionar kroner på lærarstreiken i fjor.
I mange kommunar blir det no fremja forslag å gje dette overskotet til lærarane. Øystre Slidre Venstre meiner at også vår kommune må arbeide for å mogleggjere dette.
Etter grundige prosessar har KS og Utdanningsforbundet vorte einige om denne teksten:
Utbetaling av sentrale lønnstillegg for 2022 og bruk av lokale forhandlinger: ”Etter Rikslønnsnemndas kjennelse er det reist spørsmål om kommunen har mulighet til lokalt å utbetale lønnsendringene fra et tidligere virkningspunkt enn 27. September. Tariffavtalen gir ikke muligheter for endring av virkningstidspunktet. Mulighetene for å avtale lokale lønnstillegg ligger i de lokale forhandlingsbestemmelsene. Forutsatt at vilkårene som ligger i de ulike bestemmelsene er oppfylt, står partene fritt til å avtale virkningstidspunkt for endrede lønnsplasseringer. Vi vil her spesielt peke på forhandlingsbestemmelsene 4.2.3 ”Beholde og rekruttere” eller 4.2.4 ”Kompetanse”. Foreligger det endringer i stillingen eller endring av ansvarsoppgaver kan det også gis lønnstillegg etter 4.2.2 ”Særskilte forhandlinger”.
Det blir her vist til eit brev Utdanningsforbundet har sendt sine medlemmer, som KS har uttalt at dei er samde i. KS uttaler følgjande om dette på sine nettsider:
«KS er enig i at det er mulig å avtale lokale lønnstillegg med hjemmel i de ulike bestemmelsene om særskilte forhandlinger. Dette har imidlertid ikke noe med oppfølging etter streiken eller Rikslønnsnemndas kjennelse å gjøre, og kan heller ikke begrunnes med dette. Alle fagforeninger kan når som helst på året be om forhandlinger på vegne av enkeltmedlemmer, forutsatt at vilkårene for det enkelte medlemmet – på individuelt grunnlag – er oppfylt. Lønnsendringer hjemlet i hovedtariffavtalens bestemmelser må gjøres gjennom endring i grunnlønn – ikke som engangutbetaling.
Både KS og alle organisasjoner som er part i Hovedtariffavtalen har et ansvar for å påse at Hovedtariffavtalen respekteres og følges av de lokale parter.»
Forslag til vedtak:
Det Øystre Slidre kommune har spart på streiken (lønstillegg 1.5.-27.9.) kan gjevast som eit lokalt tillegg til medlemmar i Utdanningsforbundet, SL og Lektorlaget i barnehage og skule. Arbeidsgjevar og organisasjonane oppmodast til å koma til einigheit om fordeling av midlane.
Framlegget skal motverke dei mange utfordringane i yrkesgruppa og vise at Øystre Slidre er ein kommune som satsar på skulesektoren i ei vanskeleg tid.
Kommunen har – som kommunedirektøren tidlegare har presisert – ikkje høve til å utbetale ev. midlar som er spart på at Rikslønnsnemnda har sett eit anna verknadstidspunkt, som personleg løn til del lærarane dette gjeld. Dette ville i praksis vere det same som å sette eit anna verknadstidspunkt enn det som er fastsett av Rikslønnsnemnda, noko som vil vere både lov- og tariffstridig.
I tillegg til dette, ville altså ev. lønnstillegg til Utdanningsforbundet sine medlemmer gjeve med heimel i føresegnene om særskilte forhandlingar (som altså ikkje kan grunngjevast med streiken eller avgjerda frå Rikslønnsnemnda) måtte gjerast gjennom endringar i grunnlønn (ikkje som eingongsutbetaling). Slike lønnstillegg vil m.a.o. få varig verknad.
Dette ville for det første bety at Utdanningsforbundet sine medlemmer ville ha fått ei varig høgare årslønn enn andre lærarar/barnehagelærarar i kommunen.
Vidare vil akkumulerte kostnader (fram til pensjonsalder for Utdanningsforbundet sine medlemmer) for dette kunne akkumulere seg opp til rundt 8 mill. kr.
Odd Erik Holden
Ordførar
Forslag til vedtak i interpellasjonen fall med 17 mot 2 røyser (Sv og V)
Tilrådinga samrøystes vedteke.
Bente Oxhovd og Morten Steinsrud signerer protokollen