Lått og leven med Trollfolk

laurdag 20. januar 2018, 11:00 - 12:30

Informasjon

MØTE_011Det blir truleg både lått og leven når Trollfolk kjem til Øystre Slidre folkebibliotek laurdag 20. januar kl. 11.00. I skikkelsane til Solveig Hårdnes og Martin Myhr kan det bli både skummelt og moro. Dei to dansarane byr på alvor og sjølvsagt tull og tøys.
Etter at dei har herja i frå seg, og ungane har fått seg litt frukt, får alle vera med dei og prøve seg på halling og andre dansar. Arrangementet passar for barn ca 3-8 år og er i samarbeid med Øystre Slidre spel og dansarlag. Velkomen!

Nettside

Stad

Øystre Slidre folkebibliotek
 

Kontakt

Øystre Slidre folkebibliotek og Øystre Slidre spel og dansarlag
 

Legg til hendinga i din kalender