Vedtak
Kommunestyret i Øystre Slidre meiner at KS i debatthefte 1 – 2023 fangar opp utfordringane vi står overfor på ein god måte. Kommunen vil særleg trekke fram klima- og naturkrisa, aukande utanforskap i samfunns- og arbeidslivet og mangel på personal og kompetanse som særleg viktige utfordringar.
Kommunane har eit særleg ansvar å sikre ein berekraftig arealbruk, gjennom den mynda kommunen har i plan- og bygningslova (PBL), jord- og konsesjonslova m.v.. Dette lovverket gjev kommunen eit stort ansvar og viktige verkemiddel for å sikre ein berekraftig arealbruken i eigen kommune. Kommunestyret har i samfunnsdelen av kommuneplanen, i planprogrammet til revisjon av arealdelen av kommuneplanen og gjennom prosjektet Klima + vist at vi vil bruke dei tilgjengelege verkemidla, for å bidra til ein berekraftig arealbruk lokalt, nasjonalt og globalt. Verktøykassa bør utviklast vidare for at kommunen i enno større grad kan sikre ein berekraftig arealbruk. Arealrekneskap bør utviklast som metode, gjennom eit samarbeid mellom kommunesektoren og nasjonale organ. Ein avklart metode, med digitale og kartbaserte hjelpemiddel, vil vera viktig for å bidra til ein berekraftig arealplanlegginga i kommunen. Vidare bør moglegheitene for bruk av utbyggingsavtalar, med heimel i PBL, utviklast til å kunne omfatte tiltak og finansiering av negative følgjer av ei utbygging, også dei som ikkje berre har lokal karakter. Det bør t.d. vera mogleg for kommunane å nytte PBL og utbyggingsavtalar til å kompensera for klimaverknadene av ei utbygging med tiltak utanfor reguleringsområdet, som t.d. restaurering av naturområde eller myr. Konsekvensutgreiingar bør framleis vera finansiert av utbyggar, men oppdraget og oppfølginga av ei konsekvensutgreiing bør vera styrt av kommunen. Skal kommunane sikre ein berekraftig arealbruk må kommunane har tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse innafor dette feltet. Her kviler det eit særleg ansvar på nasjonale myndigheiter å sikre tilstrekkeleg utdanningskapasitet innanfor arealplanlegging og tilgrensande fagområde.
Omstilling av kommunesektoren vil vera viktig for å møte utfordringsbilete. Den største utfordringane for å få til det er tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse for omstilling, både administrativt og politisk. Omstillinga må vera kontinuerleg. Ei omstilling vil også ha ein kostnad, før effekten av omstillinga kjem. Det er ønskeleg at KS tek ei enno meir strategisk og styrande funksjon for utvikling av effektive digitale hjelpemiddel for kommunal sektor. Det vil bidra til omstillinga. I tillegg bør KS halde fram med å vise og spreie erfaringar mellom kommunane på vellukka omstillingstiltak. Det er mykje god lærdom å hente frå andre.
Behandling
Samrøystes tilrådd.