Vedtak
Formannskapet sluttar seg til tilrådingane kommunedirektøren har gjort i vedlagde notat om korleis innspela til arealdelen skal bli følgd opp i framlegg til revidert plan med følgjande endringar:
Innspel 59, 88 og 89:
Formannskapet finn forslaga interessante, men meiner forslagsstillarane må arbeide vidare med å:
- Kople føreslått løysingar for sti/løype til eksisterande sti/løype (Raud 1)
- Avklare det føreslåtte løypenettet mot løypenettet ved BHSS
- Vurdere nærleiken til næringsområdet
- Vurdere vegløysing mellom rv 51 og Beitestølsvegen
Formannskapet vil ta stilling til innspelet når forslagsstillar har meldt tilbake på desse punkta.
Innspel 61:
Tillegg: Formannskapet ber kommunedirektøren vurdere om delar av F9 kan nyttast til andre føremål enn renovasjon.
Innspel 82:
Områda L1, SP1 og store delar av SP2 skal vidareførast som i gjeldande kommunedelplan. Området S1, området sett av til skiløype om området av SP2 mellom skiløype og S1 skal setjast av til sentrumsføremål med krav om regulering. I føresegnene for området skal grøntkorridor nord-sør sikrast.
Behandling
Kommunedirektøren opplyste at formuleringa … utanom tomt A1 til A4, ikkje er knytt til innspel 5, men til innspel 84.
Innspel 59, 88 og 89:
Formannskapet finn forslaga interessante, men meiner forslagsstillarane må arbeide vidare med å:
- Kople føreslått løysingar for sti/løype til eksisterande sti/løype (Raud 1)
- Avklare det føreslåtte løypenettet mot løypenettet ved BHSS
- Vurdere nærleiken til næringsområdet
- Vurdere vegløysing mellom rv 51 og Beitestølsvegen
Formannskapet vil ta stilling til innspelet når forslagsstillar har meldt tilbake på desse punkta.
Innspel 61:
Tillegg: Formannskapet ber kommunedirektøren vurdere om delar av F9 kan nyttast til andre føremål enn renovasjon.
Innspel 82:
Ingen støtta tilrådinga frå kommunedirektøren.
Formannskapet drøfta seg fram til følgjande vedtak:
Områda L1, SP1 og store delar av SP2 skal vidareførast som i gjeldande kommunedelplan. Området S1, området sett av til skiløype om området av SP2 mellom skiløype og S1 skal setjast av til sentrumsføremål med krav om regulering. I føresegnene for området skal grøntkorridor nord-sør sikrast.
Bente Oxhovd hadde følgjande framlegg til vedtak for innspela om å redusere utbyggingsområda i Gravfjellsplanen:
Det vert ikkje teke ut areal sett av til fritidsbustader frå eksisterande kommunedelplan for Gravfjellet.
Forslaget fekk ei røyst (H) og fall.