Vedtak
Formannskapet viser til høyringsinnspel m.a. frå Sørre Beito Sameige om deira planinitiativ for eit større reguleringsområde for Sentr1. Formannskapet ønsker å sjå desse planprosessane i samanheng, og vil difor ikkje legge reguleringsplan for Skjenhauglie fram for kommunestyrehandsaming. Formannskapet ber kommunedirektøren kome tilbake til formannskapet med nærare informasjon for framdriftsplan for områdeplan for Sentr.1.
Behandling
Bente Oxhovd opplyste at ho er medeigar i Beitostølen Biovarme AS som har konsesjon på levering av biovarme til området, og bad om å få vurdert sin habilitet. Formannskapet fann Bente Oxhovd inhabil. Gunnar Thue møtte som vararepresentant.
Ingen fremma tilrådinga frå kommunedirektøren.
Gunnar Thue la fram følgjande forslag:
“Saken utsettes til områdeplan for hele området foreligger, slik at kommunen får et forutsigbart planverk å forholde seg til”
Eit fleirtal i formannskapet drøfta seg fram til følgjande forslag til vedtak:
Formannskapet viser til høyringsinnspel m.a. frå Sørre Beito Sameige om deira planinitiativ for eit større reguleringsområde for Sentr1. Formannskapet ønsker å sjå desse planprosessane i samanheng, og vil difor ikkje legge reguleringsplan for Skjenhauglie fram for kommunestyrehandsaming. Formannskapet ber kommunedirektøren kome tilbake til formannskapet med nærare informasjon for framdriftsplan for områdeplan for Sentr.1.
Forslaget fekk 4 røyster (Sp,Ap).
Forslaget til Gunnar Thue: fekk 1 røyst.