Ulykkesmarkering

tysdag 9. januar 2018, 17.00 - 20.30

Informasjon

Ulykkesmarkering 1 - Klikk for stort bilete Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) arrangerer ulykkesmarkering til minne om dei som er drepne i trafikkulykker i Oppland 2017. Markeringa skal også vera ei støtte for pårørande, trafikkskadde og yrkespersonell som til dagleg arbeider med trafikkulykker. Markeringa blir i år gjennomført i samarbeid med Øystre Slidre kommune. For å synleggjera kor mange som omkom eller vart skadde i trafikken i fylket i 2017 vil det bli tent eit lys for kvar av dei langs vegen.

Program:

kl. 17:00 Opningseremoni ved Rogne skule

Kl. 18:00 Minneseremoni i Rogne kyrkje

kl. 19:15 Alle er velkomne til kaffesamvær på Rogne skule

Stad

Rogne skule og Rogne kyrkje
 

Kontakt

Øystre Slidre kommune
 

Legg til hendinga i din kalender