Frå jeger til gjetar - ved Kjell Bitustøyl

For fyrste gong er historia om reindrifta i Jotunheimen og Filefjell med gjetarliv og den samiske påverknaden skrive ned i sin heilskap. Forfattar Kjell Bitustøyl kjem til Øystre Slidre folkebibliotek og fortel om den nye boka si "Frå jeger til gjetar". Her vil han legge litt ekstra vekt på den lokale tilknytinga reinsgjetinga har hatt i Øystre Slidre.
Arrangementet er ein del av "Laurdagskafé", med fleire aktivitetar for store og små, så det er mange gode grunnar til å ta seg ein tur til Tingvang denne laurdagen. Gratis inngang.
 

Dato
11. februar 2023
Tid
12:00 - 13:00
Stad
Øystre Slidre folkebibliotek

Om forfattaren:
Kjell Bitustøyl (f.1953) er frå Rauland, men busett i Bø i Telemark. Han har tidlegare skrive to bøker om tamreindrift i Sør-Noreg: Ei bok om Hardangervidda (2012) og ei bok om Setesdalsheiane (2017). Han har også bak seg ein periode som frilansar ved Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu i Tinn. Det er Kontaktutvalet for tamreinlaga i Sør-Noreg som er utgjevar av boka. Bitustøyl er særskilt interessert i den samiske kultur i Sør-Noreg og bidraga deira inn i reindrifta.

Arrangør

Øystre Slidre folkebibliotek