Blåmann

laurdag 13. oktober 2018, 11.00 - 12.00

Informasjon

Blåmann - Klikk for stort bilete

Laurdag 13.okt kl. 11.00 inviterar Øystre Slidre mållag og Øystre Slidre folkebibliotek til dokketeater på biblioteket. Etterpå blir det bollar og saft/kaffi, og moglegheit til å låne bøker. Gratis inngang!

 

"Å ha ein besteven som alltid vil leike, tulle og tøyse, og som vekkjer deg når du søv, for å leike meir! Det er fint det! Det har Åsmund. Han og Blåmann er bestevener. Men ein dag blir Blåmann borte. Kva kan ha skjedd? Kanskje han kjem heim om vi syng? Åsmund diktar ein song til venen sin. Vil du vere med å synge?
Blåmann, Blåmann bukken min er ei heilt ny barneframsyning om venskap og lengsel. Framsyninga byggjer på den kjende barnesongen med same namn, skriven av Aasmund Olavsson Vinje i 1860. Dokkespelar Siw Elena Skinnemoen har laga ei lun og varm framsyning av historia, som både barn og vaksne kan kjenne seg att i. "
MED: Siw Elena Skinnemoen er ein erfaren dokkemakar og dokkespelar. Ho har har reist landet rundt med framsyningene ‘Katt’, ‘Bukkene Bruse’ og ‘Hokus og pokus – bli med å syng’. Skinnemoen er utdanna barnevernspedagog og forteljar, og er barneteaterinstruktør.
Eirin Skinnemoen er dottera til Siw Elena. Ho går på vidaregående skule, dramalinja.
 

 

Stad

Øystre Slidre folkebibliotek
 

Kontakt

Øystre Slidre Mållag
2940 Heggenes

Tlf.: 97158923

(E-post):  i_rogne@hotmail.com

Legg til hendinga i din kalender