Lyst til å prøve?

laurdag 2. februar 2019, 10.00 - 11.30

Informasjon

Klikk for stort bileteEr du nysgjerrig på folkemusikk og dans? Kunne du tenkje deg å byrje i kulturskulen i Øystre Slidre neste haust? Då er dette noko for deg. Møt opp på Lidar skule kl. 10.00 laurdag 2.februar. Her kan du få prøve og teste ut hardingfele, toradar, langeleik, song, munnharpe og halling. Instruktørar er Jan Beitohaugen Granli, Jon Gjesdal, Sivert Holmen, Gunvor Hegge, Frank Rolland og Marit Karlberg. Passar for alle mellom 5 og 99. Kan vera spennande for eventuelle skulestartarar å ta ein titt inn i skulen også! Arrangementet er gratis!

Stad

Lidar skule
 

Kontakt

Øystre Slidre spel- og dansarlag og Øystre Slidre kulturskule
 

Legg til hendinga i din kalender