Ein kveld med islandsk litteratur

onsdag 27. mars 2019, 18.00 - 19.00

Informasjon

Klikk for stort bileteBokformidlarane "Bokfinkene" kjem til Øystre Slidre folkebibliotek onsdag 27.mars kl. 18.00. Denne kvelden vil du vil få tips om islandske bøker innanfor fleire sjangrar– romanar, noveller, krim og lyrikk.

Islandsk litteratur er i vinden som aldri før. Dei siste åra har forfattarar frå dette øyriket vunne fleire litterære prisar. Seinast ut var Auður Ava Ólafsdóttir, som fekk Nordisk råds litteraturpris i 2018 for romanen "Arr".

"Bokfinkene" består av forfattar og bibliotekar Ingvill Solberg og litteraturvitar og bibliotekar Nina Egge. https://www.bokfinkene.no/

Stad

Øystre Slidre folkebibliotek
 

Kontakt

Øystre Slidre folkebibliotek
 

Legg til hendinga i din kalender