Kafékonsert med Synvis

søndag 17. mars 2019, 18.30 - 21.00

Informasjon

Klikk for stort bilete

Sundag 17.mars spelar Synvis kafekonsert i Gapahuken. 
Konserten er open for alle. 

Dørene opnar kl.18.30 
Sal av kaffi og vaflar 
Billettar: kr. 100 for vaksen, 50 for ungdom under 18år. 

"Synvis" er eit valdresband med varme, nære låtar på norsk i landskapet mellom viser, pop, folk og rock. Bandet består av Caroline Synvis - gitar og sang, Lars Skattebu - tangenter og sang, Susanne Engelmann - cello og Simen Motrøen - trommer. I tillegg til stemmene til Caroline og Lars er celloen med på gje bandet eit eige sound. Alle fire har lang og breid erfaring kvar for seg, og har tidligare spelt saman i prosjektet «Norsk Poesi», der dei gav ut to album.

Velkomne til konsert

Pris vaksen: 100

Pris born: 50

Stad

Gapahuken
 

Kontakt

Øystre Slidre kommune
 

Legg til hendinga i din kalender