Sudan Dudan i Gapahuken

laurdag 19. oktober 2019, 18.30 - 20.30

Informasjon

Klikk for stort bileteNorsk (og ganske lokal) folkemusikk og visekunst ispedd Americana og ei teskei salmesong - uttrykt i skjør og vakker akustisk toneverd med gitar, munnharpe, langeleik, hardingfele, harmonium og tostemt vokal: Dette er suksessoppskrifta til duoen Sudan Dudan. 19.oktober spelar dei i Gapahuken.

 

 

Anders Røine og Marit Karlberg fekk mykje merksemd og ei stor tilhengjarskare med det kritikarroste albumet Inntil i dag (2013). Med den etterlengta (og Folkelarmpris-vinnande) oppfølgaren Heimen der ute gjekk duoen tilbake til røtene, og spelte inn musikken i ei fjellkyrkje i Telemark.

Sudan Dudan er:

  • Marit Karlberg - vokal og langeleik
  • Anders Erik Røine - vokal

Laurdag 19.oktober spelar dei i Gapahuken.

Billettar: https://oystreslidrekommune.ticketco.events

  • Vaksen - 200.-
  • Ungdom - (10-18 år) - 100.-
  • Born går gratis

Pris vaksen: 200

Nettside

Stad

Gapahuken
 

Kontakt

Øystre Slidre kommune
 

Legg til hendinga i din kalender