Utdeling av Øystre Slidre kommune sin ungdomspris for 2019

fredag 8. november 2019, 19.00 - 21.00

Informasjon

The Rebels får Øystre Slidre kommune sin ungdomspris for 2019.

Bandet The Rebels med Espen Austdal, William Alexander Dahlen og Andreas Bærøy Nordsveen er kanskje det beste og mest ambisiøse ungerockebandet Valdres nokon gong har hatt.

Dei har vore aktive i ei årrekke, og bør vere godt kjende for dei fleste. Dei har vore vidare til landsmønstringa i UKM to gonger, spelt på eit utal festivalar, og er no i sving med eige album.

Øystre Slidre kommune ynskjer med denne prisen å motivere dei til vidare satsing, og gje eit bidrag til finansieringa av innspelinga.

Stad

Gapahuken
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender