Jubileumskonsert med Øystre Slidre musikkorps

laurdag 23. november 2019, 19.00 - 23.00

Informasjon

Klikk for stort bileteØystre Slidre Musikkorps fyller 70 år. Vi feirar med ein konsert 23.november på Tingvang. Denne kvelden er vi så heldige å ha med oss Hans Petter Stangnes som solist. Han er tilsett som solist i Trondheim symfoniorkester og har oppdrag over heile verda, men er oppvaksen i Øystre Slidre og starta sin karriere som musikar i Rogne og Volbu Musikklag, som i dag er blitt til Øystre Slidre Musikkorps. Vi har også med oss The Gamasamas, som og starta sin karriere i Øystre Slidre skulemusikk og vidare Øystre Slidre Musikkorps.

Øystre Slidre kommune vil gjerne heidre øystreslidringar som utmerkar seg særskilt. Det kan vere person(ar) eller lag , som tid og evner til å skape det positive mangfaldet som utgjer kultur- frivillig og næringslivet i kommunen. Prisen for 2019 blir delt ut på konserten.

Har du lyst til å vere med på jubileumsfesten vår etter konserten melder du deg på til Arnstein på tlf. 95257965. 

Pris vaksen: 200

Stad

Festsalen på Tingvang, Øystre Slidre
 

Kontakt

Øystre Slidre musikkorps
2940  Heggenes

(post): a.alund@online.no

URL: https://www.facebook.com/OystreSlidreMusikkorps/?fref=ts

Legg til hendinga i din kalender