Mobilnettet er nede

Frå Statsforvaltaren i Innlandet har kommunen fått melding om at det har oppstått dekningsbortfall i mobilnettet i Innlandet, i området rundt Beitostølen. Det er anteke at årsaka er fiberbrot.  Telenor melder om sterk redusert til ingen dekning rundt Fagernes, Beitostølen, Hovda fjellhotell, Nythun høyfjellstue, Vangsmjøsa og Tyin-fjorden. I tillegg har ca. 2 500 av Telenors breibandskundar mellom Søndre Land og Vang mista forbindelsen. Ice og Telia har utfall og forstyrrelser i mobilnettet i same område. 

Råd til brukarar (frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet):
•    Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i et område er det mogleg å ringe nødnumra via roaming hjå andre operatørar som har dekning
•    Dei fleste med trådlaust breidbånd kan ringe med WIFI tale
•    Alternativ vil vere å bevege seg til et område som har mobildekning

Kommunen er i gang med å teste trygghetsalarmar, og vil fortløpande vurdere tiltak for å trygge sårbare brukarar. 

Meldinga er publsert 19. april kl 2025, og vil bli oppdatert (sist oppdatert kl. 2035).

Kalender

Visar 1-10 av 24 hendingar, side 1 av 3