Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Publisert 13.10.2017
Spelerom2.jpg

Vi har laga eit spelerom på biblioteket. 2 stk Playseat for dei som vil spela Forza Motorsport eller Farming Simulator. Vi har også Fifa og Wii. Rommet er ope tysdag og torsdag frå 14.15 -19.00. Bestill gjerne tid i skranken på biblioteket. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Publisert 13.10.2017
Spelejenta_ashx.jpg

Laurdag 14.oktober kl. 11.00 får vi besøk av Sivert Holmen, Anne Heidi Kvam Hillestad og Brage Aslaksby. Først ser vi framsyninga Spelejenta, bygd på Jon Fosse og Øyvind Torseter si fine biletbok, så blir det fruktpause og deretter dans! Lått og leven passar for dei mellom 3-8 år. Arrangementet er i samarbeid med Øystre Slidre spel og dansarlag. 

Publisert 10.10.2017

Søknadsportalen for barnehage og SFO blir midlertidig stengt i tidsrommet 19. oktober til 13. november. Årsaken er at Øystre Slidre kommune skal gjennomføre en omfattende oppdatering av opptakssystemet.

Publisert 05.10.2017
Granlien By.jpg

Øystre Slidre mållag og Øystre Slidre folkebibliotek inviterar til ein kveld med nynorsk poesi av beste merke! Torsdag 12.oktober kl. 19.00 er det konsert med Camilla Granlien og Annar By, og deretter blir det servering av kaffi og kaker, og utlån av lesestoff til haustkveldane. Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket. 

Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune