Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Eigedomsskatt i heile kommunen frå 2018

Kommunevåpen Øystre Slidre - Klikk for stort bilete

I månadsskiftet april /mai  2017 vil alle eigarar av eigedomar i Øystre Slidre kommune motta informasjon om innføring av eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringseigedomar  m.v.  i Øystre Slidre kommune.

Det vil bli gjennomført taksering av eigedomane jf. fastsette rammer og retningsliner i perioden mai  - august 2017. Taksten på eiendommen din danner grunnlaget for utrekning  av eiendomsskatt.

Faktura i mars 2018 - Eigedomskatten betales i to terminar pr. år.

Informasjonen som er sendt ut om innføring av eigedomsskatt finn du her. (PDF, 2 MB)

Klage
Dersom du mener at eigedomsskattetaksten for din eigedom er feil, kan du klage. Klagefristen vil kome fram på skatteseddel som vil bli sendt ut mars 2018.  Klage må grunngjevast og sendast skriftlig via e-post til :  post@oystre-slidre.kommune.no  eller per post til:

Øystre Slidre kommune  v/ Eigedomsskattekontoret
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

 

Fritak
Liste over fritak etter eigedomsskattelova § 5 vil bli lagt ut på høyring saman med liste over eigedomsskattetakst og eigedomsskatt. Dette gjeld blant anna eigedomar som staten og kommunen eig.

Etter søknad kan kommunestyret heilt eller delvis innvilge fritak etter eigedomsskattelova  § 7. Dette gjeld blant anna eigedomar som tilhøyrer stiftingar og institusjonar som gagnar kommune, fylke eller staten. Det gis i tilfelle fritak for eitt år og det må søkjast om fritak kvart år.  

Etter søknad kan formannskapet heilt eller delvis innvilge fritak etter eigedomsskattelova § 28. Dette gjeld der det er særlige grunnar til at innkreving av eigedomsskatten er urimelig. Det gis i tilfelle fritak for eitt år og det må søkjast om fritak kvart år. Alle søknader må grunngjevast.

Innføring av generell eigedomsskatt i  Øystre Slidre kommune  
Øystre Slidre kommunestyre vedtok 20.oktober 2016 at alle eigedomar i Øystre Slidre skulle takserast i løpet av 2017. Dette blir gjort for å få eit korrekt grunnlag når eigedomsskattetaksten skal beregnes. Taksten har ein varigheit på 10 år og omfattar alle eigedomar i kommunen, kun med unntak av eksempelvis kyrkjer , idrettsanlegg, museum m.m.

Eigedomsskatten er elles den einaste  skatten som kommunen sjølv  kan kontrollere samt disponere, og skatt på eigedom tilfører kommunen viktige inntekter.

Alle bustad og fritidsbustader i kommunen vil bli taksert i perioden mai –august 2017.  

Taksten blir  fastsett av  sakkunndig takstnemnd ut frå faktaopplysningar om eigedomen  jfr Eigedomsskattelova § 8A-2.

Korleis blir eigdomskatten fastsett ?
Øystre Slidre kommunestyre gjer årlege vedtak om skattesats og botnfrådrag som skal gjelde frå påfølgjande år.  Kommunetyresak 20.oktober 2016 legg opp til 2,0 promille for bustad- og fritidseigedomar, bustaddelen på eigedomar med både bustad og næring og våningshus på gardsbruk. På næringseigedomar og  "verk og bruk"  er skattesatsen 7 promille.
 
Kontaktinfo:  post@oystre-slidre-kommune.no

Telefon: 61 35 25 00 mandag til fredag mellom klokka 08.00-15.00. 

Sist endra 22.09.2017
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune