Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Førehandsstemming

Val-logo.jpg - Klikk for stort bilete Måndag 11. september (fleire stader også 10. september) er det stortings- og sametingsval.

Dersom du ikkje kan stemme på valdagen(e) kan du stemme på førehand. Vanleg førehandsstemming skjer i tida torsdag 10. august - fredag 8.september. 

På kommunehuset på Tingvang er det opent for førehandsstemming måndag - fredag kl.09.00 - 14.00. 

Du treng ikkje å førehandsstemme i den kommunen du bur i. Det er ein fordel, men inga plikt, at du tek med deg valkortet som du har fått tilsendt i posten. Vallova krev at ein veljar som er ukjent for stemmemottakar skal legitimere seg. Eksempler på slik legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete.

Førehandsstemming på institusjonar 

Det blir høve til å førehandsstemme ved Beitostølen Helsesportsenter og sjukeheimen

  • Beitostølen Helsesportsenter, fredag 1.september kl.10.00 - 11.00
  • Øystre Slidre sjukeheim, fredag 1. september kl.12.00 - 13.00

Ambulerande stemmegivning

Veljar som grunna sjukdom eller uførhet ikkje kan avgje vanleg førehandsstemme, kan etter søknad til valstyret stemme der dei oppheld seg. Om søknaden blir innvilga, vil veljaren bli oppsøkt der vedkommande oppheld seg seinast i løpet av fredag 8. september.

Frist for å be om ambulerande stemmegivning er tysdag 5. september kl.11.00. Ta kontakt med sentralbordet, tlf 61 35 25 00, eller send en e-post til post@oystre-slidre.kommune.no

 

Valdagar i Øystre Slidre kommune er 10. og 11. september. Stemmestad er Tingvang.

  • Søndag 10.september opent kl.14.00 - 18.00
  • Måndag 11. september opent kl.10.00 - 18.00
Sist endra 09.08.2017
Generell informasjon (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune