Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Heggenes sentrum sør. Varsel om oppstart

170317 Heggenes sentrum - Klikk for stort bilete Med dette varslar vi oppstart av reguleringsplan for Heggenes sentrum sør. Planprogram for planarbeidet er også med dette lagt ut til offentleg ettersyn.

Føremålet med planen er først og fremst å leggje til rette for nytt omsorgssenter på Sørre Moen.

Skriftlege innspel til planarbeidet og planprogrammet kan rettast til Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes eller på e-post til post@oystre-slidre.kommune.no innan 28. april 2017.

Planområde-avgrensing, mål med planarbeidet og tenkt prosess og innhald i reguleringsplanen finst i planprogrammet. Oppstartvarselet med vedlegg finn du her og heile saka finn du her. For områdeavgrensing i digitalt kart, sjå instruksjon på https://www.oystre-slidre.kommune.no/plan/arealplanar-og-webkart/ eller trykk her for direkte link til kartutsnittet.

Oppstartvarselet er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og planprogrammet er lagt ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 4-1. Planen har planID 201702.

 

Sist endra 22.03.2017
Tenestestad (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune