Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Informasjon om arbeidet med flyktningar i Øystre Slidre kommune

Øystre Slidre kommune har som ambisjon å drive ei flyktningteneste som tenkjer nytt når det gjeld synet på kommunen si rolle og ansvar for dei flyktningane vi buset i Øystre Slidre.

Gjennom styrka integreringsarbeid arbeider kommunen for at flyktningane blir godt kjende med lokalsamfunnet dei bur i og med lag og organisasjonar som har tilbod på fritida. Det er og positivt at lokalsamfunnet blir betre kjende med flyktningane som enkeltmenneske, ikkje berre ei gruppe. Bli-kjend-kveldar, aktivitetsdagar, utstyrssentral for utlån av friluftsutstyr, språkpraksisplassar i arbeidslivet og faddergrupper som kan vere "gode naboar", er nokre av dei tiltaka vi ynskjer skal bygge ned hinder for integrering og bygge opp det vi kallar "kvardagsintegrering". 

Kommunen ynskjer å legge til rette for at dei vi buset i vår kommune skal oppleve å bli møtt med respekt, toleranse og ei klår forventning om snøgg samfunnsdeltaking.

Kommunen sa ved nyttår opp samarbeidsavtala  med Nord-Aurdal kommune om felles flyktningeteneste og introduksjonstenester. Øystre Slidre kommune skal i løpet av året rigge si eiga flyktningeteneste og kjøpe introduksjonstenester av Valdres Kompetansevekst .Introduksjonstenester inneheld m.a. eit introduksjonsprogram som minst skal  innehalde norskopplæring, samfunnskunnskap og tiltak som førebur til vidare opplæring eller tilknytning til yrkeslivet. Introduksjonsprogrammet varar som regel i to år på heiltid.

Flyktningområdet  vart  hausten 2016 flytta frå Helse og omsorg til Opplæring og kultur. 

Kommunen har dei siste åra gjort vedtak om å ta imot langt fleire flyktningar enn tidlegare år. Difor har kommunen frå 15.01.16 styrka bemanninga  med ei 100%stilling som integreringskonsulent i tillegg til stillinga som flyktningrådgjevar i 80% stilling.

Kva er skilnaden mellom ein flyktning og ein asylsøkjar?

Ein asylsøkjar er ein person som har søkt om beskyttelse (asyl) i Norge, og ikkje har fått søknaden sin endeleg avgjort. Per i dag er det ikkje asylmottak i Øystre Slidre kommune.

Ein flyktning er ein person som fyller krava til å få beskyttelse (asyl) i Norge, og som har fått vedtak om busetjing i ein kommune.

 

Busetjing av flyktningar

For kommunane er busetjing av flyktningar ei frivillig oppgåve, og det er kommunen sjølv som vedtek kor mange flyktningar ein ynskjer å busette.

I Øystre Slidre bur det pr. februar 2017 om lag 50 stk. som kom som hit som  flyktningar. Det er fleire familiar med barn. I 2015 busette kommunen 17 einslege vaksne. I 2016 busette vi ein familie på fire, samt 6 einslege vaksne. I tillegg kjem nokre familieattforeiningar,  Flyktningane er busette frå Rogne i sør til Beitostølen i nord. Kommunestyret gjorde vedtak i desember om å busetje 10 nye flyktningar i 2017. Ein stor familie er blant dei. Busetjing av einslege mindreårige har vorte mindre aktuelt. Ved utgangen av 2017 vil vi truleg ha om lag 60 busette i alt med nyankomne flyktningar og dei som har budd her ei stund. Nokre kjem til, andre flyttar ut. Dette er heile tida i endring. Folk får jobb og flyttar, nokre får familiane sine hit.

Ved å gjere vedtak om busetjing, forpliktar kommunen seg mellom anna til å gje tilbod om eit introduksjonsprogram etter introduksjonslova. På IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) sine nettsider kan du lese meir om dette: http://www.imdi.no/no/

 

Korleis kan du hjelpe flyktningar i Øystre Slidre?

Kommunen har arrangert opne informasjonsmøte om flyktningesituasjonen i kommunen. Det er arrangert bli-kjend-kveldar, foredrag og matkurs. Fadrar er kontakta og er vortne ein del av ein viktig sosial infrastruktur både for kommunen og for flyktningane. Kommunen vil halde fram med god kontakt med og informasjon til lokalsamfunnet og «gamle» og «nye» fadrar. Det vil bli arrangert aktivitetsdagar for heile lokalbefolkninga på Furustrand og Helsesportssenteret, med særleg merksemd mot integrering av flyktningane. Lag og organisasjonar vil bli bedne med som arrangørar. Tilrettelagte tenester som held hus i det gamle kraftlagsbygget ved Tingvang, tek imot klede og anna utstyr til å gje bort eller låne ut til flyktningar og andre. Så om du har alt frå vinterklede til fjellsko, ski og barnevogn, set vi pris på om du tek ein tur oppom kraftlagsbygget ved sidan av Tingvang barnehage. Slik kan du bidra.

Du kan og bidra ved å vere norskven, som er å ha ei samtale med ein  flyktning om alt muleg, men for å trene på norsk språk. Eller som aktivitetskontakt for å kome i gang med fysisk aktivitet.

Kommunen er stadig på jakt etter bustadar som kan vere eigna til å busette flyktningar. Dersom du har ein bustad som du meiner kan vere eigna til dette føremålet, kan du ta kontakt med saksbehandlar Ingebjørg Pålelien på telefon 61 35 25 04.

Vellukka integrering av flyktningar dreier seg i stor grad om deltaking i lokalsamfunnet. Det vi mest av alt treng for å kunne hjelpe flyktningane, er hjelp til å inkludere dei i Øystre Slidre-samfunnet. Dette kan du sjølv bidra med; som nabo, fadder, forelder i klassen, utleigar, arbeidsgjevar, trenar, aktivitetskontakt, medelev, frivillig lag eller berre vanleg medmenneske.

IMDi har også tilskottsordningar for frivillige lag/organisasjonar som kan bidra til å auke innvandrarar si deltaking i samfunnet. Dette kan du lese meir om på IMDi sine nettsider: http://www.imdi.no/no/Tilskudd/

Sist endra 27.02.2017
Teneste (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune