Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Intensjonsavtale om ny kommune

Ordførarar i Valdres.jpg - Klikk for stort bilete Forhandlingsutvalga i dei fem kommunane Etnedal, Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Øystre Slidre og Vestre Slidre vart måndag 8. februar einige om ei intensjonsavtale som eit grunnlag for kommunestyrebehandling i dei respektive kommunane i mars. Eventuelt tidspunkt for etablering av ein ny kommune og korleis innbyggjarane skal involverast i prosessen vidare og ein del andre punkt skal diskuterast vidare den 24. februar, og avgjerast av kommunestyra i mars.

 

Det er understreka at den nye kommunen skal gje eit breitt tenestetilbod som skal ytast nær innbyggjarane. Vi ønskjer å desentralisere  det vi kan og sentralisere det vi må.

I intensjonsavtalen blir det garantert at det skal beholdast ei rekke tenester i dei noverande kommunane, slik som:

  • servicetorg, bibliotek og frivilligsentralar
  • legekontor, sjukeheim og/eller omsorgsbustadar
  • barnehage- og skuletilbod

Forhandlingsutvalet vil ha eit nytt møte 24.2. Det vil bli sonderingar med Fylkesmannen 12. februar og forhandlingar med Kommunal- og moderniseringsdepartementet 18. februar.

Det er føreslege ei fordeling av fagområder/kompetansemiljøer mellom kommunane, som er skildra i intensjonsavtalen.

Sist endra 09.02.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune