Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Oppsummering av Fjellstafetten 2017

Fjellstafettlogo - Klikk for stort bilete

Fjellstafetten vart i år arrangert for sekstande gong. Det er femtande gong vi registrerer kven som har gått ti toppar eller fleir. I år var det som vanleg stor deltaking med totalt 14003  namn i bøkene.  482 personar har vore på ti toppar eller fleire. Desse får ein kopp med motiv frå Rognslifjellet i premie. Koppane kan hentast i resepsjonen på Tingvang frå 20.des.

Lidar skule er vinnar av skulekonkurransen med 116  poeng i gjennomsnitt per elev. 

Tingvang barnehage er vinnar av barnehagekonkurransen med 58 poeng pr. barn over 3 år.

Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på alle toppane kvart år, får ei blå t-skjorte. Dei som har delteke i 10 år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei raud T-skjorte. Dei som har delteke i 15 år, får ei grå T-Skjorte.

Det er trekt ut 27 tilfeldige namn frå bøkene. 14 av dei får ei kartmappe med kompass tilsendt i posten og 13 får ein turkopp i premie.

Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransen får kvar si skiferplate med motiv frå Rognslifjellet måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Lidar skule sitt elevråd eit gåvekort på kr. 1500,- og Tingvang barnehage eit gåvekort på kr. 500,- til kjøp av aktivitetsutstyr.

Namna i bøkene fordelar seg slik:

  1. Fisketjednnuten 1855
  2. Keisaren 978
  3. Skreofjellet 764
  4. Melbyfjellet 1576
  5. Svarthamartinden 808
  6. Storberget 913
  7. Skaget 1359
  8. Kjølafjellet 1250
  9. Sælifjellet 929
  10. Fullsennknatten 1127
  11. Rognslifjellet 821
  12. Rundemellin 1623
Sist endra 09.11.2017
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune