Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Planprogram for kommunedelplan for vassmiljø - vassforsyning - avløp (VVA plan) vedtatt

Furustrand sommer.JPG - Klikk for stort bilete Formannskapet vedtok i sak 081/15 planprogram for kommunedelplan for vassmiljø - vassforsyning - avløp (VVA plan). 

Planprogrammet gjer greie for planens virkeområde, dei føresetnadar planen skal bygge på (m.a. forholdet til andre planer som gjeld for området), og kva for utgreiingar som vurderas å være nødvendige.

Planen omfattar heile kommunen/alle vassførekomstar og har som formål å:

  • Gi ei oversiktlig sammenstilling av viktige nøkkeltal og andre opplysningar om vassmiljø og verksemda på området.
  • Samle, konkretisere og prioritere mål for vassmiljø og verksemda sin aktivitet innanfor området.
  • Sjå ulike mål og område i samanheng.
  • Velje strategiar for måloppnåing.
  • Vurdere mål, strategiar og tiltak i ein økonomisk samanheng.
  • Beskrive tiltak på kort og lang sikt med prioritering - handlingsprogram.

Planen utarbeidast for områda vassmiljø, vassforsyning og avløp. Dette legg til rette for å sjå mål og område i samanheng, noko som bidreg til måloppnåing i høve til "vassforskrifta" sine mål om vern og berekraftig bruk av vassførekomstane. Utarbeidinga av VVA plan vil også være bidrag til konkretisering av kommunen sin visjon: "Øystre Slidre - Rein naturglede".

Sjå filane under "meir informasjon" for vedtatt planprogram samt andre plandokument.

Sist endra 11.12.2015
Tenestestad (1)
Generell informasjon (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune