Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Prosjektmidlar til sjukeheimen

Utviklingssenter for sykehjem Oppland - Klikk for stort bilete Øystre Slidre sjukeheim fekk 1/3 av dei «Frie midlane» i Oppland til «Musikkterapi som miljøbehandling»! 

Institusjon og heimebaserte tenester i samarbeid med Systemkontoret sendte i vår søknad til Fagenheten ved Haugtun, Utviklingssenter for sykehjem i Oppland om «Frie midler» i 2015. Vi har gleda av å meddele at Øystre Slidre sjukeheim er tildelt 50 000 kroner til fagutviklingsprosjektet, som er ein tredel av dei «Frie midlane» som var søkbare.

Fagutviklingsprosjektet det var søkt midlar til var; «Musikkterapi som miljøbehandling for bebuarar på sjukeheim».

Som eit tiltak vil vi etablere musikkterapi som ein fast aktivitet ved Øystre Slidre sjukeheim. Aktiviteten vil hovudsakeleg vere retta mot dei med demensdiagnose, men vi ønskjer at alle bebuarane skal kunne delta på ein del av aktivitetane. Institusjon og heimebaserte tenester (IHT) i Øystre Slidre har eit ønskje om å integrere musikk som ein del av kvardagen på sjukeheimen. Vi ønskjer å tilsetje ein musikkterapeut som har arbeidsstad på sjukeheimen. Ein musikkterapeut kan vere med å skape helse, trivsel og utvikling og bidra til at dei som ikkje kan uttrykke seg verbalt også kan få uttrykt seg. Ein musikkterapeut kan ha både individuell undervisning og undervisning i gruppe. For mange eldre kan musikk bringe fram gode minner og assosiasjonar.

Prosjektet byggjer på forskning som er gjort på fagfeltet (vi viser særleg til Audun Myskja) og på gode erfaringar frå liknande prosjekt i andre kommunar, mellom anna Lillehammer og Øvre Eiker.

Prosjektet blir iverksett fordi vi har eit ønskje om mindre medisinbruk, og særleg nedgang i medisinbruk knytta til uro på avdelingane. Det er også eit ønskje om at det skal bli ein meir aktiv kvardag for bebuarane på sjukeheimen. Det vil bli lagt vekt på at bebuarane sjølve skal bidra i opplegget; det skal vere aktivitet og ikkje underhaldning. I periodar har vi hatt utagerande bebuarar på skjerma avdeling. Forsking gjort på området viser at musikk kan ha ein beroligande effekt, og at bebuarane opplever meistring og auka sjølvkjensle. Vi ser det også som viktig at det blir skapt ein felles plattform for samhandling mellom bebuarar og tilsette, og at dei tilsette får felles verdiar og haldningar til korleis dei kan jobbe. Sjølv om det skal tilsetjast ein musikkterapeut, er det meininga at tilsette også skal kursast for å kunne bruke musikkterapi som eit verktøy i kvardagen. Forsking (Myskja) viser at musikkterapi kan ha god effekt på dei som har store (kroniske) smerter, er deprimerte og har nedsette funksjonar fysisk og psykisk, eller er demente. Det er også eit verktøy som kan brukast for dei som er i ei siste fase.

Vi ønskjer etterkvart å utvide tilbodet til også å innehalde generasjonssang og eit systematisk samarbeid med barnehagane. Vi ser også Frivilligsentralen og den nyetablerte pårørandeforeininga som gode samarbeidspartnarar. I Øystre Slidre/Valdres  er det eit stort miljø for folkemusikk, og vi veit om pårørande som beherskar ulike instrument. Å få bidrag frå  pårørande i eit meir ordna system vil vere eit delprosjekt.

Mål:

  • Mindre bruk av medisin blant bebuarar på sjukeheimen.
  • Auka trivsel
  • Fleire aktivitetar
  • Auka deltaking i aktivitetar.
  • Plattform for samspel mellom bebuarar og tilsette
  • Felles haldning og kunnskap hjå dei tilsette. Bevisstgjering av dei tilsette.
  • At bebuarane skal oppleve meistring og auka sjølvkjensle.
Sist endra 07.07.2015
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune