Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Rådmannen i Øystre Slidre tilrår kommunesamanslåing

Kommunestyret i Øystre Slidre skal i møte den 21. juni ta stilling til om Øystre Slidre kommune skal slå seg saman med andre kommuner. Rådmannen i Øystre Slidre gjev slik tilråding:

 

1. Øystre Slidre kommune ynskjer å slå seg saman med Vestre Slidre kommune, Etnedal kommune, Sør-Aurdal kommune og Nord-Aurdal kommune, jf. inndelingslova § 25

 

2. Hovedprinsippa i intensjonsavtale mellom dei fem kommunane vert lagt til grunn ved etablering av ein ny kommune; Desentralisering det ein kan av tenestetilbodet og sentralisere det ein må, samt vedtake fordeling dei første 10 åra av inntekter frå eigedomsskatt og kraftutbytte

For rådmannen er det viktig å presisere at dette er eit fagleg råd. Resultatet frå folkeavstemning og innbyggjarundersøking er opp til politikarane å vurdere. Rådet er basert på at Rådmannen trur at innbyggjarane vil få betre tenester i eit 20-30-årsperspektiv ved at Valdres blir ein kommune.

Lenke til saksutgreiinga finn du i høgremenyen.  

Sist endra 15.06.2016
Generell informasjon (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune