Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Rapporten frå Fylkesmannen om barneverntenesta

Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Oslo og Akershus har avslutta sine tilsyn med barneverntenestene i Bærum og Valdres etter at ei 13 år gammal jente døydde på ei hytte på Beitostølen nyttårsaftan. Tilsynsrapporten konkluderer med at båe barneverntenestene har brote lova.

Når det gjeld den interkommunale barneverntenesta i Valdres, konkluderer Fylkesmannen i Oppland med at barneverntenesta ikkje har overhalde barnevernlova sitt krav om forsvarleg vurdering og behandling av dei bekymringsmeldingane tenesta fekk. Rådmannen i Øystre Slidre tek rapporten på det høgaste alvor.

Rapporten viser vidare at barneverntenesta i Bærum har brote lova på fleire punkt.

Tidlegare i månaden vart det kjent at Fylkesmannen i Oppland, etter å ha innhenta ei utgreiing frå kommunen, ikkje fann at det var grunnlag for å opprette eit tilsyn av skulen i Øystre Slidre på bakgrunn av denne saka.  

I høgremenyen finn du lenkjer til ein sladda versjon av tilsynsrapporten av barneverntenestene og brevet frå Fylkesmannen i Oppland til kommunen om tilsyn av skulen. Båe dokumentene er henta frå nettsidene til Fylkesmannen i Oppland.

Sist endra 29.03.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune